STRØ: På riksveg 52 måtte Vegvesenet stengje på grunn av det glatte føre, men no er vegen opna att. Ved Bjøberg ser ein at strøbilen nett har vore forbi. Foto: Webkamera/Statens vegvesen.
STRØ: På riksveg 52 måtte Vegvesenet stengje på grunn av det glatte føre, men no er vegen opna att. Ved Bjøberg ser ein at strøbilen nett har vore forbi. Foto: Webkamera/Statens vegvesen.

Måtte stengje for å strø

Filefjell og Hemsedalsfjellet måtte stengjast på grunn av føret, men no er det er ope i fjellet.

Årdal/Lærdal: I løpet av kort tid har vêret slått om frå minusgrader til mildvêr, og torsdag morgon er det nedbør i låglandet. I fjellet har det ført til såpeglatte vegar.

I morgontimane torsdag måtte Vegvesenet stengje riksveg 52 Hemsedalsfjellet og  E16 Filefjell mellom anna for å strø.

No er begge vegane opna, og førebels er samtlege fjellovergangar mot aust opne for trafikk. 

På E16 er det isdekke, og store køyretøy vert bedne om å bruke kjetting. På riksveg 52 er meldinga den same, og her vert det meldt om underkjølt regn.

På fylkesveg 53 Tyin-Årdal er det meldt om snø- og isdekke, nokre minusgrader og sluddbyger. 

Til toppen