NYTT STRAUMUTFALL: Etter at privatkundane i Øvre Årdal fekk tilbake straumen, skjedde det eit nytt straumutfall på Hydro. Foto: Norsk Hydro.
NYTT STRAUMUTFALL: Etter at privatkundane i Øvre Årdal fekk tilbake straumen, skjedde det eit nytt straumutfall på Hydro. Foto: Norsk Hydro. (Foto: Arkiv)

Måtte stoppe ei handfull omnar etter nytt straumutfall

Etter at privatkundane i Øvre Årdal fekk att straumen, opplevde Hydro eit nytt straumutfall. 

Årdal: Det var rundt 20.00 onsdag kveld at straumen forsvann i ein time og tjue minutt før han kom tilbake, men seinare same kveld datt straumen ut på ny, men denne gongen berre hjå Hydro.

– Me var i ferd med å køyre opp att produksjonen då me opplevde eit nytt utfall som gjorde at me fekk problem i ei likerettargruppe, fortel informasjonssjef i Hydro, Halvor Molland, til Porten.no.

Likerettargruppa gjer straumen frå nettet, som er vekselstraum, om til likestraum. Gjennom heile natta vart det jobba med å stabilsere produksjonen, samt jobbe med likerettargruppa.

– På den vegen valte me å stoppe ei handfull omnar. Det er ingen stor dramatikk i det, men mykje på grunn av tryggleiken til arbeidarane. No held arbeidet med å stabilisere og få opp igjen produksjonen fram, men me har køyrt gjennom natta med noko redusert produksjon, forklarar han vidare.

Uvisst når ein når full produksjon att

Det er med andre ord ikkje like dramatisk som ved førre straumutfall tilbake i januar. Då vart ti prosent av produksjonen råka, noko som kosta ein del. 

Kva som vert gjort med omnane som no er stogga, blir vurdert enkeltvis. Molland seir det er for tidleg å seia om alle omnane treng omforing. 

– Kor lang tid vil det ta før de når full produksjon?

– Det er for tidleg å seia. Me jobbar med å starte opp. Dette arbeidet vert gjort stegvis, og så ser me korleis anlegget responderer. Det er tidleg å seia kor mange timar eller dagar dette vil ta før me heilt oppe igjen, svarar han. 

Til toppen