VARMT: Dyr blir også tungpusta og tørste i varmen.
VARMT: Dyr blir også tungpusta og tørste i varmen. (Foto: Colourbox/Tryg Forsikring/Bjørg Haugo)

Lokal veterinær åtvarar: – Betre at dyra blir att heima enn at du let dei vera i bilen

Dei siste vekene har vore varme og slik ser det ut til å halda fram ei stund til. I varmen er det lett å gløyma firbeinte vener noko mattilsynet ber folk vera obs på.

Sogndal/Lærdal: – Det skjer kvar sommar. Folk må ta vare på dyra i varmen og passe på å ikkje forlate dei, spesielt ikkje i bil, seier Bente Lien, avdelingssjef i Mattilsynet avdeling Sunnfjord og Sogn. 

Mange bilar parkerar og let dyr, som hund, vere att i bilen medan dei gjer ærend. Dette kan vera direkte livsfarleg for dyra. 

– Ofte parkerar folk bilen i skuggen og så gløymer dei at sola bevegar seg. Det som var skugge endrar seg fort til solsteik, seier ho.

Kjæledyr treng skugge og vatn i varmen

Veterinær tilknytta Tryg Forsikring, Tor Kvinge, åtvarar òg mot å forlate dyr i varmen. 

– Aldri lat ein hund vera aleina i ein bil. Og unngå helst å ta hunden med på stranda der det er mangel på skugge.

Han påpeikar òg at det er viktig med ekstra mykje vatn og drikke til kjæledyr både innandørs og utandørs. 

– Det er viktig at dyr har tilgang på både skugge og vatn i denne varmen og det er betre at dei får vera att heime enn at du tek dei med i bilen, seier Lien i Mattilsynet. 

Veterinær i Lærdal, Bjørg Haugo er einig. 

PASS PÅ DYRA: Veterinærane Marthe L. Kryvi og Bjørg Haugo i Lærdal åtvarar folk mot å ikkje forlate dyr i bil i varmen. Foto: Bjørg Haugo

– Det er direkte livsfarleg å forlate dyr i bilen. Ein bil som har stått i sola i nokre timar kan fort bli 40-60 varmegrader og då blir dei jo kokt. Det seier seg sjølv at sånt går dårleg, seier ho. 

Har ikkje fått meldingar om dyr som lir i Sogn

Heldigvis ser det ut til at folk i Sogn er flinke å passe på dyra sine i varmen.

– Eg trur folk er blitt flinkare å passe på for no er det lenge sidan eg har hatt ein hund som har vore råka av dette, seier Haugo. 

Mattilsynet har heller ikkje fått bekymringsmeldingar som går på dette på ei stund.

– Så langt i år har me ikkje fått nokre meldingar, noko som er bra. Det er bra at folk ikkje forlet dyra sine i varmen og i bilar. 

Om du likevel skal koma over eit dyr aleine i ein varm bil må du fyrst prøve å finne eigaren, og om ikkje det går skal du ta kontakt med politi eller mattilsyn. Om du kjæledyret ditt slit i varmen kan du hjelpe det.

Tre tips til varme kjæledyr: 

  • Sørg for at dei har nok drikke og set gjerne fram fleire drikkebeger med vatn inne og ute.
  • Pass på at dei står i skuggen og at der tilgang på skugge om du tek dei med på tur.
  • Spyl dyret ditt med kaldt vatn om det ser ut til å vera overoppheta. 
Til toppen