VIL HA PÅBOD: Dyrevernarar som opplev kattedumping ønskjer eit påbod om kastrasjon og ID-merking av kattar. Mattilsynet seier dei ikkje kan gjere noko.
VIL HA PÅBOD: Dyrevernarar som opplev kattedumping ønskjer eit påbod om kastrasjon og ID-merking av kattar. Mattilsynet seier dei ikkje kan gjere noko. (Foto: Synne Asheim Haga / Arkiv)

Mattilsynet om kattedumping: Situasjonen er ikkje god nok, men vil ikkje gjere andre tiltak

Dumping av kattar langs vegane er eit aukande problem, opplever Dyrevernlaget Indre Sogn. Dei meiner at eit påbod om kastrasjon og ID-merking er einaste løysing.

Lærdal: Etter at dyrevernarar hadde brukt fleire timar på å leita etter dumpa kattungar i Lærdalstunnelen natt til måndag, hadde dei ei klar melding til Mattilsynet: berre eit påbod om kastrasjon og ID-merking kan stogge problemet.

Bjørnar Stavenes, fungerande sekssjonssjef i seksjonen for dyrevelferd og fiskehelse, fortel at Mattilsynet har forsøkt å få fastsett eit slikt påbod tidlegare. Han understreker at dei ikkje kan gjera noko utan støtte frå politikarane. 

– Det er Landbruks- og matdepartementet som må fastsetje eit slikt påbod. Og dét har me hatt ein runde på før for ein del år sidan. 

– Mattilsynet kan ikkje fastsetje noko, det må vera politisk vilje til det. Det oppfatter me eigentleg ikkje at det er, seier Stavenes.

– Frivillige dyrevernarar seier det er naudsynt med eit påbod om ID-Merking og kastrering, er de ueinige? 

– Så lenge me ikkje får noko plikt til det, så er det det vi kan sei. At me ber folk om å kastrera og ID-merka.

Ifølgje Dyrevelferdslova, er det dyreeigarar sitt ansvar at dyra har det bra. Mattilsynet, som ligg under Landbruks- og matdepartementet, har hovudansvar for å sjå til at lova blir fulgt.

Meiner at eit påbod ikkje vil løyse problemet

Det er ikkje første gongen at kattungar har vorte dumpa langs vegane i fylket. Ifølgje Randi Aarethun, dagleg leiar i Dyrevernlaget Indre Sogn (DIS), vil problemet berre auke. DIS har dog ikkje tal på dette.

Stavenes seier at det ikkje er nok å innføre eit påbod for kastrasjon og merking, men at det må følgjast opp med informasjon og haldningskampanje. 

– Eit påbod i seg sjølv om kastrering og merking vil ikkje løyse det heile. Det kokar ned til at kvar enkelt som har katt må ta ansvar, seier Stavenes. 

– Men det er jo Mattilsynet sitt ansvar?

– Nei, det er jo ikkje Mattilsynet sitt ansvar. Det er først og fremst dei som har dyr som har ansvar for å sørgje for at dei ikkje får uønska kattungar, seier han.

– Men det er Mattilsynet sitt ansvar å sjå til at dyrevelferdslova blir fulgt?

– Ja, det er det.

Vil ikkje gjere andre tiltak

Stavenes seier at situasjonen ikkje er god nok slik den er i dag. Mattilsynet vil jamvel ikkje gjere andre tiltak for å betre den, men halda fram slik dei har gjort til no. 

– Ja, me held fram med å be folk om å kastrera og merka. Me strekar under at det er eit grovt brot på dyrevelferdslova å dumpa kattar, seier han.

Stavenes peikar på at mange vel å kastrera og sterilisera dyra sine, men kan ikkje visa til tal. Han sler fast at det først og fremst er dei som eig dyr, som har primæransvaret.

Stavenes: – Umogleg å finna gjerningsmann utan bevis

Når kattar vert dumpa langs vegar, er det nærast umogleg å finna fram til gjerningsmannen utan til dømes videobevis, ifølgje Stavenes. 

Dersom Mattilsynet finn den skuldige, er det ei straffesak, enten i form av eit overskridelsesgebyr frå Mattilsynet eller at det blir ei politisak.

– Me følgjer opp viss me får meldingar om saker, og det er klart at vi er avhengig av at vi veit kven vi skal følgje opp saka ovanfor, seier han. 

Porten.no har vore i kontakt med Landbruks- og matdepartementet, men dei har ikkje ynskja å kommentere saka.

Til toppen