EITT ÅR: Tre tilfeller av skrantesjuka er oppdaga i Nordfjella sone 1, i vinter blei denne reinsbukken med symptom typiske for skrantesjuke oppdaga på hallingsida i Nordfjella. No meiner Mattilsynet heile reinsbestanden i dette området bær sanerast ut. Arkivfoto

Mattilsynet: – Utskyting bør skje i løpet av eitt år

– Målet er at uttaket av flokken i Nordfjella skal skje innan eitt år, konkluderer Karen Johanne Baalsrud, direktør for planter og dyr, i sitt brev til Landbruks- og matdepartementet.

Lærdal/Aurland: Tidlegare har både Norsk Institutt for Naturforsking (NINA), Vitenskapskomiteen for Mattrygghet og landbruksminister Jon Georg Dale teke til orde for at reinsbestanden på omlag 1800 individ vinterstid bør sanerast så fort som mogleg.

Les også: Meiner heile villreinsstamma i Nordfjella bør sanerast

Les også: – Hjortebukkar kan spreia sjukdommen oftare og lengre

Les også: Landbruksministeren vil ha rask nedskyting av villrein i Nordfjella

Enno meir konkrete er Mattilsynet:

«Mattilsynet meiner at all villrein i Nordfjella sone 1 skal takast ut innan 1.5.2018, jamfør anbefalingar frå VKM-rapporten», heiter det i brevet frå Baalsrud til departementet, referert av Hallingdølen.

Les også: Skjebnen til Nordfjella-reinen blir avgjort etter påske

– VKM-rapporten er tydeleg på at heile sone 1 må fjernast dersom ein skal gjere eit forsøk på å utrydde sjukdomen. Det er ingen garanti for om ein vil lykkast, men dersom ein ikkje gjer dette raskt, vil sjukdomen heilt sikkert spreie seg, og målet om å bli kvitt sjukdomen må fråfallast, skriv Baalsrud vidare.

Vidare blir det streka under at ein sanerinsplan må utarbeidast og at Nordfjella sone 1 bør brakkleggjast i minst fem år før reetablering.

Les også: Går for reinsjakt i nesten tre månader

Til toppen