DESIGN: Mazda MX-5 har vunne mange hjarte på grunn av køyreeigenskapane, no har han òg fått pris for designen. Foto: Mazda
DESIGN: Mazda MX-5 har vunne mange hjarte på grunn av køyreeigenskapane, no har han òg fått pris for designen. Foto: Mazda

Mazda til topps i designkåring

Mazda MX-5 har fått den høgthengande Red Dot-prisen for designen sin.

  • Endret

Mazda MX-5 er éin av dei aller mest populære roadsterane i verda. No har bilen fått ein Red Dot-pris for designen sin. Prisen heiter «Best of the Best» og heng svært høgt. Berre nokre ganske få av alle kandidatane som blir vurderte, får denne prisen.
I kåringa fekk dessutan Mazda CX-3 ein pris, og Mazda 2 vart heidra for designen.

Ny rekord

I ein Nissan Juke Nismo RS har stuntmannen Terry Grant sett ny rekord i å køyre på to hjul. Han køyrde bilen over ein distanse på ei engelsk mil på Goodwood Festival of Speed i Storbritannia.

Artikkelen held fram under biletet.

PÅ TO HJUL: Stuntmannen Terry Grant har sett ny rekord i å køyre bil på to hjul.
PÅ TO HJUL: Stuntmannen Terry Grant har sett ny rekord i å køyre bil på to hjul.

På distansen brukte han 2 minutt og 10 sekund. Dermed slo han den gamle rekorden sin med 45 sekund.

Netthandel

Som det første bilmerket i Noreg lar Subaru no kundane bestille bil på nettet. Dermed kan du sitje i sofaen og kjøpe bil like lett som du bestiller ei bok på nettet.

– E-handel blir eit supplement til butikkane, seier informasjonsdirektør i Subaru Norge, Stian Thrane.

Artikkelen held fram under biletet.

PÅ NETT: Subaru blir det første bilmerket i Noreg som gjer det mogleg å bestille og betale for ein ny bil på nettet.
PÅ NETT: Subaru blir det første bilmerket i Noreg som gjer det mogleg å bestille og betale for ein ny bil på nettet.

Etter det Thrane seier, er målet å nå ut til dei som ønskjer å handle på nettet.
– Vi ser at e-handelen breier om seg, og ønskjer å prøve det ut. Her får ein tilgang til ein butikk som er open heile døgnet, og som har ei trygg betalingsløysing, fortel han.

Bilen må du nok likevel framleis hente sjølv når han dukkar opp.

Til toppen