ULUKKE: Den påkjørte hjorten vart liggande midt i vegen, men vert teken hand om av Viltnemda. Vegen er no open for fri ferdsel. 
ULUKKE: Den påkjørte hjorten vart liggande midt i vegen, men vert teken hand om av Viltnemda. Vegen er no open for fri ferdsel.  (Foto: Skjermdump / Google Maps)

MC-førar køyrt til sjukehus etter kollisjon med hjort

Ulukka skal ha skjedd i 80-sona på E39 i Lavik.

Ytre Sogn: Klokka 05:05 søndag morgon vart politiet varsla om ei trafikkulukke på E39 i Lavik. 

– Eg har ikkje detaljar om skadeomfanget, men ulukka skjedde i 80-sona. Det er høg fart å kollidere med ein hjort når ein sit på ein motorsykkel, seier operasjonsleiar ved Vest politidistrikt, Vibeke Næss. 

Ho seier at det mest truleg ikkje er snakk om alvorlege skader, men at føraren har smerter i ein fot. MC-føraren har no blitt frakta til sjukehus med ambulanse, og politiet har endå ikkje prata med føraren.

Den påkjørte hjorten vart liggande midt i vege og vert teken hand om av Viltnemda. Vegen er no open for fri ferdsel. 

Til toppen