ULUKKE: Ein MC har velta på E16 ved Onstad i Aurland.
ULUKKE: Ein MC har velta på E16 ved Onstad i Aurland. (Foto: Google Maps/Skjermdump)

Kvinne til sjukehus etter MC-velt

Mista kontrollen etter oppbremsing og køyrte av E16 i Aurland.

Aurland: Klokka 11:13 fekk politiet melding om ei trafikkulukke på E16 ved Onstad i Aurland.

– Det er ein MC som har velta, ingen andre kjøretøy involverte i ulukka. Førar av MC er våken og bevisst. Naudetatane er på veg, skreiv politiet på Twitter like etter.

Klokka15:14 opplyser politiet at dei har avslutta på staden.

– Det var ein kvinneleg førar som bremsa opp, hamna utfor vegen og tippa over. Ho er frakta til Voss sjukehus, men det er ikkje melding om alvorlege skader, seier Knut Dahl-Michelsen på operasjonssentralen til Porten.no.

Politiet opprettar sak på hendinga, noko som er rutine når det er snakk om personskader i trafikken.

Tips eller bilete? Send til tips@porten.no.

Til toppen