RAUD-GRØNT SAMARBEID: Miljøpartiet Dei Grøne og Arbeidarpartiet er blitt einige om å samarbeida dei neste fire åra. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
RAUD-GRØNT SAMARBEID: Miljøpartiet Dei Grøne og Arbeidarpartiet er blitt einige om å samarbeida dei neste fire åra. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

MDG og Ap skal samarbeida dei neste fire åra

Her er sakene Miljøpartiet Dei Grøne (MDG) får gjennomslag for.

Årdal: Dei Grøne har brukt tida si godt, og torsdag føremiddag annonserte dei saman med Arbeidarpartiet at dei to skal samarbeide dei neste fire åra. Det sikrar Ap fleirtalet i kommunestyret med elleve mot ti mandat.

Det betyr at Arild Ingar Lægreid (Ap) held fram som ordførar i kommunen.

– Me er godt nøgde med at me er i mål med Miljøpartiet. Me har laga ein god avtale, og eg ser positivt på at me får litt push frå eit parti som er oppteken av grøne saker. Det gjer dei neste fire åra spennande med eit fokus på miljø, seier Lægreid.

MEIR SAMLANDE: Årdals nye vara-ordførar Sandra Opheim og Miljøpartiet Dei Grøne meiner Arild Ingar Lægreid (Ap) er ein meir samlande ordførar enn Aleksander Øren Heen (Sp).
MEIR SAMLANDE: Årdals nye vara-ordførar Sandra Opheim og Miljøpartiet Dei Grøne meiner Arild Ingar Lægreid (Ap) er ein meir samlande ordførar enn Aleksander Øren Heen (Sp).

Gjennomslag for miljøpolitikk

Sandra Opheim (MDG) blir ny varaordførar etter Marie Helene Hollevik Brandsdal (Ap). Ho forklarar valet av samarbeidspartner.

– Me vil ha gjennomslag for politkken vår. Me har fått gjennomslag for at ingen av friområda skal omregulerast, og det blir heller ingen nye vasskraftutbyggingar i Årdal.

Med andre ord må Ap gå imot det dei allereie har sagt ja til; kraftutbygging i Nundalen og næringsaktivitet i Hydroparken.

Betente saker

– Internt i partiet har dette vore to betente saker som me har brukt lang tid på for å finna ut kva me skal gjera, seier Brandsdal, som dermed meiner dette ikkje er altfor store kompromiss for Ap.

På valdebatten før valet gav Lægreid uttrykk for at Ap ikkje kunne seia nei til eventuell næringsaktivitet i Hydroparken, men vedgår at i forhandlingar må ein gi og ta.

SKUFFA: Aleksander Øren Heen (Sp) er skuffa over at MDG ikkje ville møta dei til reelle forhandlingar.
SKUFFA: Aleksander Øren Heen (Sp) er skuffa over at MDG ikkje ville møta dei til reelle forhandlingar.

Skuffa Heen

Men dette er saker også alliansen beståande av Senterpartiet, Venstre og Høgre på andre sida ville ha tilbydd MDG også. Det fortel Aleksander Øren Heen (Sp).

– Me gav uttrykk for at me ville ha møtt dei på dei sakene, ja, seier han og fortel at han er skuffa over at MDG ikkje ville møta dei til reelle forhandlingar.

– Me har hatt sonderingsmøte der me har gitt uttrykk for kva saker me ville strekka oss på. Eg ser dei har fått gjennomslag hjå Ap òg, og då er det andre ting enn politikken som har vore viktig. Det tykkjer eg er veldig synd fordi me har ein stemmeovervekt som tilseier eit ønske om skifte. Det får me ikkje no, seier han og meiner Ap bryt løfte dei har gitt til veljarane sine ved å gi MDG desse sakene.

– Lægreid meir samlande enn Heen

Og ganske riktig. Det er ein ting til MDG la vekt på som viktig då dei valte å gå i forhandlingar med Ap.

– Årsaka til at me gjekk til Ap er at me ser slik den politiske situasjonen har fått utvikla seg, er det særs viktig å jobba for å samla samfunnet i Årdal, og etter vårt sun framstår Arild Ingar som meir samlande ordførar med brei røynsle og stort engasjement for Årdals beste, seier Opheim.

– Seier du at han er meir samlande enn Heen?

– Det har me lagt til grunn, ja. Me har valt dette fordi me meiner dette er det beste for Årdal.

Knallhardt opposisjonsparti

Det er ei vurdering MDG må stå for sjølve, meiner Heen.

– Me har sagt at å samla Årdal har vore viktig. Det skulle me fått til. Det er ikkje Senterpartiet som har stått bak den politikken som har ført til splid i Årdal, men det er det faktisk Ap med Arild Ingar i spissen som har gjort.

Senterparti-politikaren fortel at dei no skal bli eit knallhardt opposisjonsparti, der deira politikk skal liggja til grunn for røysting i kommunestyret. 

– Det blir ikkje lett å forhandla med oss viss dei skulle trenga det. 

Til toppen