GONDOL HIT?: Det meiner i allefall Miljøpartiet Dei Grøne i Aurland er eit alternativ kommunen bør greie ut.
GONDOL HIT?: Det meiner i allefall Miljøpartiet Dei Grøne i Aurland er eit alternativ kommunen bør greie ut.

MDG-politikar ser for seg gondol opp hit

Lanserer kreativ løysing på trafikkfloka skapt av turiststraumen til Stegastein.

Aurland: Det var på det førre kommunestyremøtet at idèen dukka opp. Monica Gjesdal Larsen i Miljøpartiet dei grøne ønskjer at kommunen skal greie ut moglegheita for å få gondol opp til det populære utkikkspunktet.

– På vegen opp til Stegastein, som er ein nasjonal turistveg i tillegg, så har vi store trafikkale utfordringar. Dei toppa seg i sesongen som var og vi må finne ei løysing på det, seier ho på spørsmål kva bakgrunnen er for forslaget.

LUFTIG: Slik ser MDG i Aurland for seg ein mogleg gondol til Stegastein. Dei oppmodar innbyggjarane til å komme med innspel på mellom anna start og stoppunkt. Illustradjon: Miljøpartiet dei grøne.
LUFTIG: Slik ser MDG i Aurland for seg ein mogleg gondol til Stegastein. Dei oppmodar innbyggjarane til å komme med innspel på mellom anna start og stoppunkt. Illustradjon: Miljøpartiet dei grøne.

Les også: Skal du til Norges nye skidestinasjon, må du ta Flåmsbana

Ho meiner gondol kan vere ei løysing som sikrar miljøvenleg tilkomst til det populære turistmålet, samstundes som lokalbefolkninga får eit nytt startpunkt for utforsking av fjella med syklar, barnevogner og rullestolar.

–​ Korleis har de tenkt at dette skal realiserast?

– Det blir jo utfordringa, men først må vi finne ut om det er mogleg i det heile tatt, med tanke på topografi, geologi og økonomi, seier Gjesdal Larsen.

–  Vi ønskjer først og fremst å starte diskusjonen og finne ut kva moglegheitene er, ho.

Til toppen