MISNØGD MINDRETAL: Eit norsk selskap har fått grønt lys til å etablera eit datasenter i eit gamalt industribygg i Vassbygdi i Aurland. MDG-politikar Anders Fretheim ville heller ha utsett saka.
MISNØGD MINDRETAL: Eit norsk selskap har fått grønt lys til å etablera eit datasenter i eit gamalt industribygg i Vassbygdi i Aurland. MDG-politikar Anders Fretheim ville heller ha utsett saka.

MDG-politikaren meiner datasenter-avtalen var forhasta

Det norske selskapet Green Data Center har fått grønt lys til å etablera seg i eit gamalt industribygg i Vassbygdi i Aurland. MDG-politikar Anders Fretheim er ikkje imponert over verken rammeavtalen eller diskusjonen i forkant.

Aurland: Før helga sa kommunestyret i Aurland ja til inngå ein rammeavtale med Aurland Energiverk og selskapet Green Data Center for etablering av eit datasenter i eit gamalt industribygg i Vassbygdi. Dette sjølv om fleire avtalar må i boks før etableringa er eit faktum.

Anders Fretheim (MDG) var blant mindretalet som meinte det var ei forhasta avgjerd.

Vassbygdi industribygg

  • Vart bygd av kommunen på slutten av 80-talet, i samband med etableringa av ei bedrift som skulle laga byggpanel. Denne bedrifta gjekk konkurs etter kort tid.
  • På slutten av 2000-talet byrja Sognefjorden Laft å bruka bygget til å tørka trevirke. Denne verksemda gjekk konkurs i 2010
  • Sidan har det blitt prøvd å både å selja og leiga ut bygget, utan at det har enda i noko konkret før no.
  • Industribygget har dermed stått tomt dei siste åtte åra.

– Eg trur me hadde fått ein betre avtale om me hadde litt is i magen, seier Fretheim, som òg etterlyser ein breiare diskusjon rundt kva ein no bitt konsesjonskrafta til.

Rammeavtalen og handsaminga i kommunestyret var begge unnateke offentleg innsyn.

– Me må kunna diskutera arvesølvet, utan å kalla det forretningsløyndomer, seier Fretheim.

Ordføraren slår tilbake 

Det er fleire ting han reagerer på, som at avtalen var i ei komplisert engelsk språkdrakt, eller at ikkje lokale entreprenørar fekk høve til å konkurrera om å kjøpa eller leiga bygget. Men òg det økonomiske i avtalen er han skeptisk til. 

– Eg opplever det som godt gamaldags bondefangeri. Med ein gong nokon kjem utanfrå, så er det ut med den raude lauparen med ein gang. Den lokale mannen får klara seg sjøl. Dette tykkjer eg er feil, seier Fretheim.

NØGD: Ordførar Noralv Distad meiner dei folkevalde har sitt på det tørre, og meiner avtalen er lønsam for kommunen.  Bilde: Halvor Farsund Storvik

Ordførar Noralv Distad er ikkje samd med kritikken frå Fretheim.

Han seier det har blitt jobba lenge for å koma fram til ein avtale, før rådmannen valde å legga han fram for kommunestyret.

– Når du har forhandla fram ei løysing, så må du ha evne til å fatta ei avgjerd. Eg såg ikkje nokon grunn til å utsetta saka. Det gjorde heller ikkje fleirtalet, seier Distad, som trur dei har kome fram til ein lønsam avtale for kommunen.

– Rett at dei folkevalde tok avgjerda 

Han minner at overskot av konsesjonskraft lenge har vore ei utfordring for kommunen (sjå faktaboks om konsesjonskraft).

Konsesjonskraft

  • I Aurland blir det produsert i underkant av 3 GWh vasskraft.
  • Kommunen kan ta ut ti prosent av denne i form av konsesjonskraft, til ein gunstig pris. Men kommunen kan ikkje ta ut meir enn det tilsvarande det lokale forbruket.
  • I Aurland ligg det lokale forbruket under ti prosent av produksjonen. Krafta dei ikkje kan nyttegjera seg av, går førebels til fylkeskommunen.
  • Den ledige krafta er det som for Aurland kommune utgjer verdien i avtalen med Green Data Center, fordi dei kan selja den billige krafta med forteneste til selskapet. I tillegg kjem leigeinntekter.
  • Sjølv om Green Data Center skulle bli realisert, vil Aurland kommune likevel ha ledig kraft.

At forretningsavtalar er unnateke offentleg innsyn er heilt etter boka, minner han om. Samtidig ivaretek dei innbyggjarane sine interesser ved å løfta saka opp politisk. For som politikarar er dei valde til å representera folket.

– Saka kunne ha vore delegert litt nedover i systemet, men nettopp fordi verdiane i konsesjonskrafta på mange måtar tilhøyrer innbyggjarane, så var det rett at dei folkevalde i kommunestyret tok avgjerda.

Fretheim er generelt er positiv til lokal bruk av vasskrafta og til at det blir aktivitet i bygget igjen. Det er tidsbruken og manglande diskusjon han først og fremst har innvendingar til.

– Krafta vår vil vera etterspurd i morgon òg, så eg skjønnar ikkje hastverket, seier MDG-politikaren. 

Til toppen