KLIMAFORLIK: – Med dette budsjettet vil Noreg kutte sine klimagassutslipp raskt nok til at me oppfyller Klimaforliket i 2020 og forpliktelsane ovanfor EU- og Parisavtalen om 40% utslippskutt innan 2030, seier Sandra Opheim, her saman med Rasmus Hansson.
KLIMAFORLIK: – Med dette budsjettet vil Noreg kutte sine klimagassutslipp raskt nok til at me oppfyller Klimaforliket i 2020 og forpliktelsane ovanfor EU- og Parisavtalen om 40% utslippskutt innan 2030, seier Sandra Opheim, her saman med Rasmus Hansson.

MDG vil gi bygdefolk sponsa elbil

Miljøpartiet Dei Grøne foreslår i sitt alternative statsbudsjett å sette av 170 millionar kroner til ei støtteordning for bygdefolk som vil lease elbil.

Indre Sogn: – Dette har samanheng med at kollektivtilbodet er langt dårlegare i disktrikta enn i byane og det å investere i ny bil er dyrt - derfor vil MDG prøve ut ei slik ordning. Støtteordninga skal gjelde for dei som manglar eit godt kollektivtilbod og den skal vere behovsprøvd, det vil sei at det er personar med låg inntekt som vil kunne få slik støtte, seier Sandra Opheim, varaordførar i Årdal.

Pengane skal blir tilbodne folk med dårleg råd som bur i område der kollektivløysingane er dårlege, opplyser MDGs stortingsrepresentant Rasmus Hansson til Dagsavisen.

– Både 1.000 kroner i månaden for leasingbeløpet og eit rentefritt lån for å betale eingongsinnskotet på 30.000-50.000 kroner, forklarer Hansson.

10.000 nye elbilar

Tanken er at folk som ikkje har så god råd, skal kunne søke kommunen sin om elbilstøtte, som dei skal få av Husbanken.

– Derfor styrkar vi Husbanken med 170 millionar kroner som skal øyremerkast til dette. Med denne ordninga reknar vi med å få 10.000 nye elbilar på vegane i 2017, seier Hansson.

I det heile står elbil- og kollektivsatsing - kanskje ikkje så uventa - høgt på agendaen for MDG i deira alternative statsbudsjett:

– Distrikta har ekstra utfordringar som gjer det meir vanskeleg å velje elbil eller å reise kollektivt; me manglar ladestasjonar og me har fleire plassar eit dårleg kollektivtilbod. MDG vil bygge to ladestasjonar på kvar 5. mil på hovudvegane i heile Noreg og styrka kollektivinvesteringane, seier Opheim. 

Les også: – Ein kraftkommune på Vestlandet bør ha ladestasjon

Les også: Om eitt år kan du hurtiglada kvar femte mil

Momsfritt for Gamleskulen

I tillegg vil dei gje støtte til el-sykkel, betre gang og sykkelvegar, utsleppsfrie taxiar, båtar og bussar.

– Dette vil me merke god effekt av også i Sogn, seier Opheim.

Vidare vil dei setja ned prisen på dei mest miljøvenlege alternativa og setja opp prisen på alternativ som ikkje har god miljøprofil.

– MDG vil fjerne moms på frukt, grønt og økologisk mat, gjenbruk og reparasjonar. Til dømes vil dette kunne føre til at Gamleskulen Aktivitetssenter vil sleppa å betale moms. I dag betaler dei 25% av omsetnaden sin, som står av sal av brukte ting, i moms, avsluttar Opheim. 

Til toppen