KOMMENTATOR: Det er første sommaren Magnar Kvalvik kommenterer under heile Norway Cup. Her saman med Jahn Ivar «Mini» Jakobsen som har intervjua folk på Norway Cup i ei årrekkje. Foto: Remi André Taule.
KOMMENTATOR: Det er første sommaren Magnar Kvalvik kommenterer under heile Norway Cup. Her saman med Jahn Ivar «Mini» Jakobsen som har intervjua folk på Norway Cup i ei årrekkje. Foto: Remi André Taule.

– Me behandlar Norway Cup-deltakarane som eliteseriespelarar

Sportskommentator Magnar Kvalvik frå Årdal har denne veka kommentert opp mot fem kampar dagleg for TV2 under årets Norway Cup.

Oslo: Årets høgdepunkt var då årdølen fekk kommentere Sogndal-jentene sin 2-1 siger over Skedsmo tidlegare denne veka.

– Dette er dei mest hektiske dagane eg har hatt som kommentator, seier Magnar Kvalvik til Porten.no.

Les også: Herleg langskudd sikra siger i TV-kampen

Hoppa rundt i ekstase

Kanonskotet til 14 år gamle Helena Navarsete frå 40-meteren sendte Sogndal vidare til åttedelsfinalen på torsdag.

– Det var garantert den beste augneblinken frå årets Norway Cup. Helena var kampen si store stjerna sjølv om ho spelte saman med 16- og 17-åringar. Det var også litt stas å sjå bestefaren hennar Jon Navarsete hoppa rundt i ekstase på sidelinja, seier Kvalvik.

Fotballsendingane til TV2 frå Norway Cup har gått heile veka på sportskanalen og TV2 Sumo. Dei har i alt dekt 55 kampar og byrja førre søndag med sju kampar om dagen og har helde fram med ni frå måndag av.

"Fun facts" om spelarane

Lagleiarar og trenarar er ifølgje kommentatoren flinke til å sende inn "fun facts" og historiar om laga og einskilde spelarar før kampane vert sendt direkte.

– Det er litt stas. Me har alltid eit papir framfor oss med informasjon, statistikk og forteljingar som me les frå medan me kommenterer kampane. Det er viktig at me behandlar Norway Cup-deltakarane som tippeligaspelarar, seier han.

Han påpeikar også at det er viktig å verna om dei unge fotballspelarane etter eventuelle tap som i mange tilfelle har resultert i at borna og ungdommane har teke til tårene.

– Sjølv om mange av dei unge spelarane gret og er skuffa om laget tapar, så er det viktig å fokusera på det gøyale med Norway Cup, seier han. 

Kvalvik snakkar av erfaring då han sjølv har delteke på Norway Cup fleire gonger før. Kjensla av nederlag går ganske fort over, forsikrar han.

– Etter ein halvtime-time så har ein fått litt perspektiv. For oss er det viktig å verna om spelarane når det kanskje er første gong dei blir filma for TV. Me gir dei mykje skryt for innsatsen, seier Kvalvik.

Keeper sikra seg 2 kilo godis

Det har vore tett med kampar den siste veka og nokre klassar har opptil 220 påmeldte lag. Plussida for dei unge spelarane er at kampane ikkje varar like lenge som mange av dei er vande med.

– Eg hugsar sjølv at det var lenge å vente seks timar til neste kamp då laget vårt var med på Norway Cup, seier Kvalvik.

Mange av forteljingane om dei ulike spelarane som TV2 har fått inn har fått både kommentatoren og publikum til å dra på smilebandet.

– Høgrebacken på eit jente 14 lag var alltid sur før klokka 12, så skulle dei spele kamp klokka ni om morgonen. Det var ganske så moro. Eit anna lag premierte keeperane som redda straffe med 1 kilo godteri. Den eine hadde redda to straffar og hadde difor gjort seg fortent til to kilo godteri. Slike fakta er kjempe gøy, seier Kvalvik.

Førre gong Kvalvik kommenterte Norway Cup var på finaledagen i 2007. Dette er første gong han går heile veka.

– Laurdag er siste dag og då skal eg kommentere fire finalar. Neste veke er det tilbake til det vande med å kommentera tippeligaen, avsluttar han.

Til toppen