Oppmodar:  LHL og Fagforbundet oppmodar andre - organisasjonar, private og næringsliv til å støtta dugnaden for MR-maskin i Lærdal.  Illustrasjonsfoto
Oppmodar: LHL og Fagforbundet oppmodar andre - organisasjonar, private og næringsliv til å støtta dugnaden for MR-maskin i Lærdal. Illustrasjonsfoto (Arkiv)

– Me er alle potensielle brukarar

LHL og Fagforbundet oppmodar andre organisasjonar, folk generelt og ikkje minst næringslivet til å koma med bidrag til MR-maskin i Lærdal

– Me går ut slik i håp om at fleire vil hyva seg med. Og det har eg eigentleg stor tru på, seier Jarle Vindedal, leiar i Lærdal og Aurland LHL (Landsforeininga for hjarte- og lungesjuke.

– Svært viktig

Sjølve samla dei inn 15 000 kroner til MR-maskina under Lærdalsmarkaden. I tillegg har fleire andre lokale lag i regionen bidrege.

Fagforeiningar og privatpersonar har kome med pengar, ikkje minst gav eit ektepar på Leikanger ein halv million for å få MR-maskina på plass. No går LHL-laga i regionen ut med ei sams oppmoding om at så mange som mogleg bør hyva seg på.

– Det er svært viktig at denne kjem på plass. Me kan jo alle vera potensielle brukarar, ein veit aldri, seier Vindedal. 

– Særskild næringslivet

Fagforbunda i Årdal og Lærdal har også kome med sine bidrag.

Les også: Fagforbundet gir 10.000 kroner til MR-maskin

Jan Steinar Hole, leiar i Fagforbundet i Lærdal er klar på at kvart bidrag, uansett storleik, er til hjelp.

– Får ein ikkje ei krone så får ein ikkje meir. Me må klara å få på plass denne maskina no når det trass alt ikkje er så mykje att. Ein eller annan i stort sett alle familiar får bruk for ei slik i løpet av livet

– No har ein fridd til næringslivet - kjem det bra med pengar frå denne kanten, trur du?

– Det burde i alle fall det. For næringslivet sitt vedkomande er ei MR-maskin svært nyttig. Eg veit det har kome nokre bidrag frå næringslivet, og dei som ikkje har gjeve bør absolutt vurdera det.

Til toppen