BESØK AV STATSSEKRETÆR: Statssekræter Thor Kleppen Sættem helsar på fungerande brannsjef Tor Mikkel Tokvam. Til venstre står Johannes Dalsbotten og Monica Finden, kommunestyrerepresentantar frå Høgre. Til høgre står ordførar Noralv Distad. Foto: Arne Veum.
BESØK AV STATSSEKRETÆR: Statssekræter Thor Kleppen Sættem helsar på fungerande brannsjef Tor Mikkel Tokvam. Til venstre står Johannes Dalsbotten og Monica Finden, kommunestyrerepresentantar frå Høgre. Til høgre står ordførar Noralv Distad. Foto: Arne Veum.

– Me er avhengige av god lokal beredskap 

Statssekretær Thor Kleppen Sættem vitja sist veke delar av fjordfylket. I Aurland fekk han mellom anna med sjølvsyn både sjå og høyre kor avgjerande viktig det er at også mindre distriktskommunar har gode beredskapsplanar og fullverdige innsatsressursar i form av politi og brannvesen. 

Aurland: Det skal seiast at Sættem slett ikkje har vore noko motstandar av at distrikta skal ha ein god og dekkande beredskap, snarare tvert i mot. Han var aktiv i prosessen som for kort tid sidan enda med at også Aurland fekk behalde lensmannskontoret sitt.

– Eg var med på den handsaminga, og hadde heile tida sansen for dei argumenta som vart framsett frå lokalsamfunnet. Litt av bakgrunnen for dette besøket var at eg med sjølvsyn hadde lyst til å sjå nærare på dei lokale tilhøva, og elles høyre meir om dei utfordringane ein har i distrikta på beredskapsområdet.

– I denne kommunen har ein jo verkeleg fått brynt seg på store og alvorlege hendingar både med storflaumar og alvorlege tunnelbrannar, seier Sættem. 

– Må vere medvitne 

– Er beredskapen knutt til helse, brann og politi god nok i distrikta?

– Eg er overtydd om at den nye politireforma vil verte til gagn, og resultere i meir mobilt og synleg politi. Elles er det jo slik at ein ofte rettar fokus mot byar og tettstadar, og i dette gløymer litt dei utfordringane ein har i mindre kommunar og i distrikta.

– Me må vere medvitne at ein i desse områda, som til dømes Aurland, har eit breitt sett av utfordringar på fleire felt. Kommunen er spesiell slik med utfordrande natur, stamvegar, kraftstasjonar, ei mengde lange tunellar og ein omfattande turisme, seier Sættem.

Artikkelen held fram under biletet.

Frå venstre: Ordførar Noralv Distad, lensmannsbetjent John Viste, Thor Kleppen Sættem, fungerande brannsjef Tor Mikkel Tokvam, Ketil Horvei, leiar for FIG Aurland, Johannes Dalsbotten, kommunestyrerepresentant for Høgre og varaordførar Leiv Jarle Bergheim (Ap).
Frå venstre: Ordførar Noralv Distad, lensmannsbetjent John Viste, Thor Kleppen Sættem, fungerande brannsjef Tor Mikkel Tokvam, Ketil Horvei, leiar for FIG Aurland, Johannes Dalsbotten, kommunestyrerepresentant for Høgre og varaordførar Leiv Jarle Bergheim (Ap).

Han legg til at han ikkje er i tvil om at konklusjonen om å oppretthalde lensmannskontoret i kommunen difor var eit rett val. 

Dekker andre funksjonar

Under vitjinga i Aurland vart han orientert om korleis det kommunale beredskapsarbeidet var lagt opp. I tillegg fekk han eit innblikk i korleis politi og brannvesen var rigga for å løyse sine oppgåver. Aurland brannvesen har stort sett det utstyret dei treng for brann og redningsoppgåver, men opplever i aukande grad  at dei også må løyse oppgåver som naturleg ligg til politi og helse. 

Fungerande brannsjef Tor Mikkel Tokvam fortalde at slike oppgåver kunne dreie seg om utrykking med hjartestartar og trafikale oppgåver i samband med ulukker på vegnettet.

– Det at me må dekke andre funksjonar gjer at me også ligg noko over det som er bemanningsplan for brannkorpset, seier Tokvam, og legg til at brannvesenet førre året rykka ut med hjartestartar åtte–ti gonger.

– Dette syner at verkelegheita er at me er heilt avhengige av eit godt frivillig brannvesen for å kunne ha ein god lokal beredskap. I dette ligg det at me ikkje må bryte dette ned gjennom å stille altfor tunge krav frå sentralt hald, mellom anna til utdanning og at mannskapa skal vere fast tilsette. Eg er oppteken av dette, og når eg har høyrt på dykk som vert mi haldning og mitt medvit på dette området berre forsterka, seier Sættem.

Varsam med for mange oppgåver

Aurland brannvesen tel no 21 mannskap og er såleis eit godt bemanna korps. Johannes Dalsbotten, kommunestyrerepresentant for Høgre, tok til orde for at ein burde vere varsam med å påleggje eit lokalt brannvesen altfor mange tilleggsoppgåver.

– Det kan i verste fall skremme folk i frå korpset, eller vere til hinder for rekruttering. Brannvesenet si handtering av oppgåver som naturleg ligg til helse og politi også medfører at kostnader som naturleg skulle vore dekka av staten vart overført til kommunen, seier Johannes Dalsbotten.

– Eg er kjend med at brannvesen vert meir nytta for avlasting av helse, og eg er samd i det er ein balansegang som me må vere merksame på her, seier Sættem. 

Mobilen på nattbordet 

Gjennom si tid som ordførar har Noralv Distad opplevd store tunnelbrannar, naturkatastrofar og dødsulukker i ein krevjande natur.

– Det er ikkje tvil om at me bur i ein kommune som treng ein gjennomarbeida og god beredskap på fleire områder, og me er fleire i denne kommunen som søv med mobiltelefonen på nattbordet. Me legg mykje vekt på å øve og drille på dei planverka me har, og her har Fylkesmannen vore flink til å leggje opp til felles øvingar.

– Det er likevel slik at når det først smell så er det avgrensa kor mykje tid ein har til å bla i permar. Då er det lokalkunnskap og oppslutnad på brei font som gjeld, og her spelar me også på eit svært kompetent Røde Kors og Sivilforsvar. I denne kommunen er det generelt stor vilje til å stille opp, noko som ikkje minst kom til syne under katastrofe flaumen i Flåm hausten 2014, seier ordførar Noralv Distad, som hadde denne klare meldinga til statssekretæren:

– Ein må aldri organisere vekk lokalkunnskap og vilja til godt samarbeid med dei frivillige organisasjonane.  

Miksa vakt 

På politifronten er det lagt opp til vaktordningar som skal dekke Aurland, Lærdal og Årdal. Lensmannsbetjent John Viste fortalde at vaktstyrken består av to polititenestemenn.

– Ofte kjem desse frå det same kontoret, men det hender også at vakta er miksa av ein frå kvart kontor. Ved splitta vakt i til dømes Aurland og Årdal vil den eine ha 55 minuttar responstid ved ei hending i ein av desse kommunane. I slike tilfelle vert det difor ei vurdering saman med operasjonssentralen om kor vidt me skal gå inn i den aktuelle situasjonen åleine, eller om me skal vente på makker, seier Viste.

Han gjorde elles greie for det variererte oppgåvefeltet som låg til det lokale lensmannskontoret i Aurland å handtere, og Viste kunne mellom anna fortelje at nabokranglar var eit område som i den seinare tid hadde auka i omfang. 

Til toppen