VENTAR VEKST: Marknadsansvarleg i Klingenberg Hotell, Torunn Todal Laberg, seier dei allereie merkar pågangen og forventar ein ny auke denne sesongen. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
VENTAR VEKST: Marknadsansvarleg i Klingenberg Hotell, Torunn Todal Laberg, seier dei allereie merkar pågangen og forventar ein ny auke denne sesongen. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

– Me er budde på ein travel sesong

Det fortel marknadsansvarleg i Klingenberg Hotell, Torunn Todal Laberg, med litt under to månadar att til høgsesongen innanfor reiselivet verkeleg startar.

Årdal: Allereie no har dei merka pågangen og etterspurnaden, både mot hotellet og Vetti Gard, fortel ho. Etter det som var ein bra sesong i fjor, trur Todal Laberg at pilene framleis vil peika oppover i åra som kjem.

– Reiselivet er absolutt stigande. Interessa er aukande, og så er det eit voldsomt press på dei ulike overnattingsstadene i Fjord-Noreg frå før, og då blir turoperatørane tvinga til å sjå utover.

– Når me då samstundes marknadsfører oss som noko nytt og har Utladalen, som er eit underkommunisert område, er eg ikkje i tvil om at me kjem til å oppleva ein auke framleis. Me jobbar i mange kanalar no og gjer det me må for å nå ut til nye, forklarar Todal Laberg.

Satsar

«Klingenberg-systemet», som ho litt spøkefullt kallar det, er ein betydeleg reiselivsaktør i Årdal og står for nesten alle arbeidsplassane i bransjen. Systemet har i løpet av dei siste åra vist at dei tek signala frå både folkevalde, næringsapparat og innbyggjarar seriøst og kjøpt opp mellom anna Tangen Pensjonat, Tya Bakeri og inngått driftsavtale på Vetti Gard.

– Me har laga ein strategi på tre år og dratt i gang ei ganske ambisiøs satsing, seier Todal Laberg, som har vore mykje på farten den siste tida for å selje inn Årdal i utlandet. 

– Eg er utruleg stolt over bygda og har tru på at me skal etablera Årdal som reisemål for framtida. No gir me gass og satsar på at dette går vegen. Alle signala eg får er at reiselivet i Sognefjorden går oppover. Me må gjera oss sjølve i stand til å ta imot dei som vil koma til oss.

Grunnlag for meir auke

Ho meiner det er inspirerande og får høyre at det er ganske unikt det Årdal no gjer – nemleg å satse på reiseliv, men ikkje berre ein aktør åleine, men at alle, både innbyggjarar, folkevalde, kommune, næringsapparat, frivillige og aktørane sjølve bidreg. 

– Men me tek ein risiko også. Det gjer me fordi me har veldig sterk tru på produktet og framtida. No gjeld det å koma seg gjennom ein startfase og nokre kneikar der, og det trur eg me skal klara. 

Om inneverande sesong har ho følgjande å seie.

– Det har berre vore vore ein auke og auke dei siste åra. Det gir grunn til å tru på ein auke i år også.

Til toppen