DEMONSTRASJON: Folk protesterte måndag i Oslo over den urettferdige behandlinga av Hemsedalssaka. Foto: Camilla Skjær Brugrand.
DEMONSTRASJON: Folk protesterte måndag i Oslo over den urettferdige behandlinga av Hemsedalssaka. Foto: Camilla Skjær Brugrand.

– Me er forbanna og me krev rettstryggleik for kvinner

Det sa Tina Skotnes frå Kvinnefronten som var ein av dei som haldt appell under demonstrasjonen i Oslo måndag ettermiddag.

Oslo: Tusenvis av kvinner og menn protesterte mot det dei såg på som ein urettferdig dom etter at tre menn vart frikjent etter å ha dopa ned og valdteke Andrea Voll Voldum (21) på ein hyttetur i Hemsedal i 2014.

– Hemsedalssaka har treft ei nerve i alle oss og no seier heile Noreg at nok er nok, sa Tina Skotnes som sit i arbeidsutvalet til Kvinnefronten.

Les også: Tusenvis støtta opp om Andrea Voldum (21) i Oslo

Under demonstrasjonen delte Kvinnefronten ut ei liste til politikarane med krav for å betre rettstryggleiken til kvinner. Heile 75 organisasjonar og parti  slutta seg til  markeringa.

– Takk Andrea

Folkemengda som hadde samla seg utanfor Stortinget måndag ettermiddag var der for å støtte Voldum som førre veka var så modig å dele si valdtektshistorie der mennene vart frikjent av eit mindretal av lekdommarane i lagsmannsretten.

– Me krev rettstryggleik for kvinner. Takk Andrea for at du er så modig og for at du sa i frå. Saka har engasjert mange og no står me saman for å få slutt på denne uretten som rammar altfor mange, slik opna Seher Aydar gårsdagens demonstrasjon.

APPELL: Styremedlem i Kvinnefronten Seher Aydar var konferansier under demonstrasjonen i Oslo.
APPELL: Styremedlem i Kvinnefronten Seher Aydar var konferansier under demonstrasjonen i Oslo.

Ho er styremedlem i Kvinnefronten og var konferansier under demonstrasjonen.

– Me er også her for å pressa politikarane til å endra på eit fucka system. Me kan ikkje lenger leva med at valdtekt nærast er eit risikofri brotsverk, sa Skotnes.

Siste dråpen

Hemsedalssaka var ifølgje Skotnes, siste dråpen i eit beger som allereie var fylt. Ho meinte også at kvinner har all grunn til å mangla tillit til rettsystemet i Noreg.

– Spreiinga av namna til dei tiltalte i Hemsedalssaka er eit direkte resultat av denne kollapsen av tillit til rettsstaten etter nok ein kvinnediskriminerande dom, seier ho.

Tysdag førre veke valte Voldum å gå ut med namna på dei tre mennene på sosiale medium for at det som skjedde ho, ikkje skal skje med andre kvinner.

– Når ein av ti kvinner vert valdteken i løpet av livet, opptil 16.000 kvart år og fleirtalet aldri melde i frå om det, så har me eit gedigent samfunnsproblem og eit av dei største folkehelseproblema, seier Skotnes.

I likestilte Noreg meiner ein av fire at kvinner som er påverka av alkohol og som blir med ein mann heim frå fest, sjølv må ta skulda dersom ho blir valdteken. Annankvar mann meiner at kvinner er heilt eller delvis ansvarleg for å bli utsett for seksuelle overgrep dersom ho flørta

– Desse haldningane føre til at kvinner ikkje har rettstryggleik når det kjem til valdtektssaker, påpeikar Skotnes.

OPPGJER: Tina Skotnes frå Kvinnefronten tok eit oppgjer med samfunnet sine haldningar om kvinner og seksualitet under demonstrasjonen.
OPPGJER: Tina Skotnes frå Kvinnefronten tok eit oppgjer med samfunnet sine haldningar om kvinner og seksualitet under demonstrasjonen.

Må byggja opp tilliten

Kvinnefronten krev at det vert gjennomført tiltak for å oppretthalda tilliten igjen og at det noverande rettssystemet skal granskast.

– Det at eit mindretal av lekdommarar kan avgjere ei sak stridar mot folk sin allmenne rettskjensle. Me krev at politi og påtalemakta må påleggast å prioritere etterforsking, me krev fleire stillingar og meir resursar, seier Skotnes.

Demonstrantane krev ei grundig opplæring av fagdommarar og lekfolk om korleis fordommar om seksualitet og kvinner kan påverka skuldspørsmålet i valdtektssaker.

– Me krev at dommarar og bistandsadvokatar må stoppa forsvarar som driv med karakterdrap av offeret i norske rettssalar. Det er ikkje relevant kva kvinna hadde på seg eller at ho har hatt problem tidlegare i livet, seier ho.

Skotnes meiner at etiske rettningslinjer må på plass i rettsystemet. No ønskjer ho ein storstilt nasjonal folkehelsekampanje mot valdtekt.

– Me krev at førebyggjande valdtektsarbeid skal ha høg prioritet i barnehage og skule. Når ni av ti som opplever valdtekt ikkje vil melda lovbrotet til politiet, så er det ei total fallitterklæring og den har vore kritisk lenge, avsluttar ho.

– Vanvitug urettferdig dom

Leiar for kvinnegruppa Ottar, Ane Stø, beskriv offentleggjeringa av Hemsedalssaka som ein "knyttneve som traff heile befolkninga i Noreg" førre veke.

– Frikjenninga av dei tre mennene har rysta ein heil nasjon. Ikkje berre fordi dommen i seg sjølv er håreisande, men fordi den minna oss på noko som me allereie viste frå før. I likestilte Noreg er det forskjell på menn og kvinners rettar, seier Stø.

Valdtekt er eit av dei mest vanlege lovbrota i Noreg og er noko som pregar livet til dei fleste kvinner. Mange er redde for å gå åleine om kveldane og ein uroar seg for venninner og døtrer.

TILTAK: Leiar i kvinnegruppa Ottar Ane Stø bad politikarane røska opp i rettsystemet.
TILTAK: Leiar i kvinnegruppa Ottar Ane Stø bad politikarane røska opp i rettsystemet.

– Alle kjenner nokon som har blitt usett for valdtekt som treng trøst, støtte og forsikring om at det ikkje var deira skuld. Alle er samde om at valdtekt er eit utilgiveleg lovbrot, seier Stø.

Straffeordninga vert forandra med jamne mellomrom og juryordninga vert endra og det er stadig haldningskampanjar om at nei betyr nei. Likevel er det veldig få valdtekter som blir meldt og endå færre som verdt dømt.

Dobbelmoral

Sanninga er at valdtekt i praksis er veldig vanskeleg, når nokon skal gjerast ansvarleg for lovbrotet.

– Omsorg for menn si ære og fordømming av kvinner står i full blømst. Skikkelege menn valdtek ikkje og skikkelege kvinner vert ikkje valdteken. Dobbelstandarden kan ikkje bli tydlegare enn det, seier Stø.

Om ein mann er etnisk norsk, pen i tøyet og har familie så har han mest truleg ikkje valdteke nokon eller så meinte han det vertfall ikkje og mistolka signala. Dersom ho var full eller rusa, så kunne ho ikkje noko for å bli valdteken.

– Skal me øydeleggja ein skikkeleg mann sitt liv berre grunna ein dom misforståing? For å sleppe å dømma ein mann som har så mykje å tapa, sitt gode namn og rykte, karriere, fridom, familie så er det diverre altfor lettvint både i rettssystemet og samfunnet å la offeret bæra byrdene, seier Stø.

Haldningane til folk er at dersom ein har blitt valdteken, så er det eit bevis på at ein ikkje er skikkeleg, forklarar Stø.

– Du har gjort feil ting med feil folk. Du har sendt signal som kunne blitt misforstått. Dersom du var full eller rusa, så har du vertfall lagt opp til det, slik forklarar Stø dobbelstandaren som lev i beste velgående i Noreg.

Skuldar på nettporno

Realiteten er at det er heilt alminnelege menn valdtek heilt alminnelege kvinner.

– Menn valdtek fordi dei kan. Menn valdtek fordi nettporno oppfordrar til gjengvaldtekt. Den fortel menn skal tenna på at kvinner sine grenser skal bli trakka på og brytast ned, seier Stø.

Ho meiner at det norske samfunnet må slutta å beskytta menn for deira eigne handlingar. For å oppnå full likestilling, må nordmenn slutta å tru at me har det og sjå ting i ein samanheng.

– Om det er noko Stortinget skal bry seg om i haust, så er det å sikra fred, tryggleik og rettferd for alle norske innbyggjarar. Me krev ein omfattande handlingsplan som røskar opp i rettsapparatet og får overgreparar dømt. Menn må læra og ikkje valdta, seier ho.

Stø vil ta eit oppgjer med folk kvinneforakten og haldningane i befolkninga.

– 2016 må bli eit merkeår i historia. Hemsedalssaka må bli den siste der retten får bortforklarar overgriparane sitt ansvar. No er det faen med nok. Me krev rettstryggleik for kvinner, avsluttar ho.

Til toppen