SKAL OPNA ATT: Erling Eggum i Klingenberg Hotell seier det er «heilt definitivt» at dei kjem til å opne Utla Café og Bar med ei nytt konsept. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
SKAL OPNA ATT: Erling Eggum i Klingenberg Hotell seier det er «heilt definitivt» at dei kjem til å opne Utla Café og Bar med ei nytt konsept. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

– Me er heilt nøydde til å opne att

Erling Eggum har ingen planar om å stengje Utla Café og Bar for godt.

Årdal: Det har herska litt tvil om at kafeen vert opna att etter at Klingenberg Hotell bestemte seg for å stengje kafeen etter nyttår.

På det tidspunktet var det ikkje heilt klart kva planar Eggum, som nyleg kjøpte Tya Bakeri, hadde for lokalet som er tilknytt Årdalsenteret. Éin ting er iallfall sikkert. Det blir opna att.

– Ja, me er heilt nøydde til å opne att. Det har vore meininga heile tida, men me har gitt oss sjølve litt tid for å snakka med folk, seier Eggum.

– Eit løft

Han har vore i kontakt med både dei gamle Utla-gjestene, Tya-gjester og folk generelt for å få innspel til kva konsept ein kan satse på. 

Dialogar med leverandør og interiørarkitekt er allereie på plass, men noko meir enn det vil ikkje Eggum seie, anna enn at han trur det blir eit løft.

– Endeleg finansiering er ikkje på plass, men eg trur det blir eit løft og at me får til ei samordning mellom dei to bedriftene (Tya og Utla journ. anm.), legg han til. 

Til toppen