FEKK IKKJE STRAFFE: Både Martin Ramsland (biletet) og Mahatma Otoo ropte på straffe i løpet av første omgang. Men det var Odd som skulle få sjansen frå krittmerket.
FEKK IKKJE STRAFFE: Både Martin Ramsland (biletet) og Mahatma Otoo ropte på straffe i løpet av første omgang. Men det var Odd som skulle få sjansen frå krittmerket.

– Me får ei feilaktig straffe imot

SOGNDAL-ODD 0-1: 

Det vart eit tett oppgjer på Fosshaugane, der dommaren ufrivilleg kom til å spele ei av hovudrollene. Eit tvilsamt straffespark vart avgjerande for at Sogndal gjekk på sitt andre tap på rad.

SKUFFA: Sogndaltrenar Eirik Bakke var ein slagen mann etter tapet. 
SKUFFA: Sogndaltrenar Eirik Bakke var ein slagen mann etter tapet. 

– Det som skuffar meg mest er at me legg ned ein enorm innsats, men så får me etter mi meining ei feilaktig straffe imot. Då blir det vanskeleg mot eit lag som Odd, seier trenar Eirik Bakke.

Kunne fått to straffar

Kampen starta jamt, før Odd tok over meir og meir utover førsteomgangen. Sogndal vart tvinga til å satsa på kontringar, der farta og teknikken til høgrekant Gilbert Koomson kom til nytte. 

Dei heilt store sjansane klarte heimelaget likevel ikkje å produsere. Derimot var det to situasjonar der sogndalsspelarane ropte etter straffe, utan å få gehør frå dommaren.

Først ute var Mahatma Otoo, som gjekk ned i boksen tjue minutt ut i kampen. 

– Eg vart overraska over det ikkje vart dømt straffe, for eg er ein spelar som ikkje går ned lett. Og eg vart enno meir overraska over at dommaren gav straffe til Odd i ein tilsvarande situasjon i andre omgang. Men eg vil ikkje kritisere for mykje. Dommaren skal ta raske avgjerder. Denne gongen favoriserte dei ikkje oss, seier ein skuffa Otoo etter kampen. 

Hos Odd var det midtbanegeneral Jone Samuelsen som utgjorde den største trusselen. Med maks uttelling kunne han ha putta tre gonger før pause, det farlegaste skotet small i treverket. Etter halvspelt kamp gjekk laga likevel til garderoben med 0-0 på scoringstavla.

INGA HJELP Å FÅ: Mahatma Otoo blir hjelpt på beina av dommar Martin Lundby. Men straffe ville han ikkje dømme.
INGA HJELP Å FÅ: Mahatma Otoo blir hjelpt på beina av dommar Martin Lundby. Men straffe ville han ikkje dømme.

Protestar til inga nytte 

Straffe skulle det uansett bli, men ikkje den vegen heimepublikummet ønskte. Like etter sidebytte gjekk Odds kraftspiss Oliver Occean ned som ein potetsekk i feltet. Reprisen viste at Hannu Patronen truleg tok ballen før han tok mannen. Men mannen mannen i grønt peika på krittmerket, til store protestar frå sogndalspelarane. 

Jone Samuelsen ekspederte straffen sikkert i mål.

FART I BEINA: Gilbert Koomson skapte tidvis trøbbel for Odd, spesielt i førsteomgang. Det siste ekstra mangla likevel for at det skulle bli verkeleg farleg. 
FART I BEINA: Gilbert Koomson skapte tidvis trøbbel for Odd, spesielt i førsteomgang. Det siste ekstra mangla likevel for at det skulle bli verkeleg farleg. 

– Eg har takla slik mange gongar før og det har aldri vore i nærleiken av å bli dømt. Samstundes blåste han ikkje for oss i første omgang. Derfor blir det veldig rart at han blåste denne gongen, seier ein skuffa Hannu Patronen.

Odd heldt fram å kontrollere ballen i andre omgang, men Sogndal var langt frå ufarlege. Ikkje minst var nemnde Patronen farleg frampå med ei heading like etter at Odd gjekk opp i leiinga.

Etter 71 minutt kom Odd til ein sjeldan sjanse i andreomgang. Stortalentet Rafik Zekhnini kom åleine med keeper etter ein glipp i sogndalforsvaret, men blåste ballen håplaust over. 

Like før slutt fekk Otoo ein stor sjanse. Men spissen fekk ikkje nok luft under knottane og greidde ikkje å heade ballen i mål frå kort hald.

Kristian Fardal Opseth var òg farleg frampå på overtid, men kanonfrisparket vart boksa over av Rossbach i Odd-målet. Dermed måtte Sogndal for andre kamp på rad gå slukøra av bana etter full tid med null poeng på kontoen. 

Startoppstilling for Sogndal: Matias Dyngeland - Taijo Teniste, Bjørn Inge Utvik, Christophe Psyche, Jukka Raitala - Gilbert Koomson, Rune Bolseth, Eirik Birkelund, Lars Christian Kjemhus - Mahatma Otoo, Martin Ramsland.

Til toppen