MEININGAR: Elias Eide.
MEININGAR: Elias Eide. (Foto: Unge Høgre)

MEININGAR

Me får ingen veg for leikepengar, Senterpartiet!

Det skriv fylkesleiar i Unge Høgre, Elias Eide.

Meiningar: Skal vi byggje ekte veg må vi løyve ekte pengar. Senterpartiet og Arbeiderpartiet budsjetterer med leikepengar. Slik kan ikkje fylkeskommunen styrast!

Det er eit skrikande behov for samferdselsinvesteringar i Vestland. Vedlikehaldsetterslepet på fylkesvegane er stort. Næringslivet er avhengig av gode vegar for å transportere varene sine ut i verda. Samferdsel knyt næringslivet saman. Skal vi sikre fleksibilitet, stabilitet og samtidig leggje til rette for nyetableringar må samferdsel prioriterast.

Prioriterer ikkje vegprosjekta

Senterpartiet og Arbeidarpartiet sviktar veljarane i Sogn og Fjordane. Det hjelp lite med ord når ein ikkje handlar. Høgre føreslo i sitt alternative budsjett 54 millionar kroner til vegvedlikehald. Sjølvsagt er dette berre ein start, men langt betre enn SP og AP som ikkje prioriterer dette i det heile.

Høgre meiner at både Atløysambandet og Svelgen-Indrehus må startast på no. Dette er prosjekt som bind Vestlandet saman, skapar nye bu- og arbeidsregionar, skapar aktivitet og gjer kvardagen til folk enklare. Det er uverkeleg at Senterpartiet og Arbeiderpartiet ikkje prioriterer nokre av desse prosjekta.

Hjelp ikkje å rope på Oslo

Dei høgast prioriterte vegprosjektet i Sogn og Fjordane er ei sjølvfølge for Høgre å realisere. Når posisjonen atter ein gong berre løyver planleggingsmidlar og leikepengar til ferdig planlagde prosjekt, er det å sjå på som ei dårleg skjult utsetting. Men dei raudgrøne leverer som venta. Dei leverer ingenting, slik dei alltid har gjort på samferdsel i Sogn og Fjordane.

Det hjelp ikkje rope på Oslo etter hjelp kvar halvtime. Fylkestinget må ta ansvar for sine eigne vegar. Posisjonen i fylkestinget, med Senterpartiet og Arbeiderpartiet i spissen, sviktar atter ein gong både sogningar, nordfjordingar og sunnfjordingar. Høgre tek ansvar og løyver ekte pengar til samferdsel, for vi trur på Vestlandet!

Til toppen