– Me har dobbelt å ta att

I fjor på denne tida sat dei og venta på klarsignal for å gå på scena i Meieriparken. Fredag kveld fekk Karpe Diem endeleg spelt for eit fullstappa festivalområde i Meieriparken.

IMPONERANDE: Sjølv om dei er godt vandt med den norske naturen, tykkjer dei det er noko spesielt med Årdal.
IMPONERANDE: Sjølv om dei er godt vandt med den norske naturen, tykkjer dei det er noko spesielt med Årdal.

– For eitt år sidan sat me her og trippa, og hadde så lyst til å spele, seier Chirag.

Sjå også biletegalleriet øvst i saka.

Vindkasta vart for kraftige den kvelden, og Karpe Diem kunne ikkje gjera anna enn å reise heim att. I følgje dei sjølv var det langt i frå berre publikum som vart skuffa. 

Det var ingen tvil om at Karpe Diem ville attende til bygda då dei fekk spørsmål om deltaking på Målrock 2015. 

– Me var allereie innstilt på å spele i Årdal, fortel Chirag.

Siste konserten

Denne fredagskvelden i Meieriparken skulle bli litt meir spesiell enn forventa. Då Karpe Diem annonserte til publikum at dette vart den siste konserten med albumet "Kors på halsen, ti kniver i hjertet, mor og far i døden", kunne ein høyre eit sukk som gjekk gjennom folkehavet. 

 – Me er i studio for tida, og difor vert det ikkje fleire konsertar i år, fortel Magdi til Porten.no tidlegare denne fredagen. 

På scena fortalde dei at det ikkje berre var studioinnspeling som var årsaken til lite konsertar, men og at fleire i bandet hadde blitt pappa. Då Chirag peika på Magdi og avslørte at Magdi hadde vorte pappa til tvillingar, svara publikum med eit rungande jubelbrøl.

Midt i konserten gjorde Karpe Diem ein ny vri, og fortalde at dei hadde laga ei låt for anledninga. "Du e´ på Tangen no, bannare gapen!" joma utover heile Årdalstangen, og publikum hang seg på med allsang og latter om kvarandre.

Karpe Diem og bandet avslutta konserten med "skydiving" i folkemengden, og dei var tydeleg prega av at dette var siste gong denne turneen vart spelt. 

I følgje festivalsjef Katrine C. Fredheim var det over 2000 personar inne på området fredag kveld. 

 

Til toppen