VIKTIG: Kampen borte mot Hinna søndag klokka 13 er nok å rekna som den viktigaste kampen kaupangerdamene spelar på fleire år - siger eller uavgjort vil sikra kvalikkplass og vera eit langt steg til 1.divisjon. Her frå den knusande 5-0-sigeren mot Arna-Bjørnar 2 helga som var.  Arkivfoto: Halvor Farsund Storvik
VIKTIG: Kampen borte mot Hinna søndag klokka 13 er nok å rekna som den viktigaste kampen kaupangerdamene spelar på fleire år - siger eller uavgjort vil sikra kvalikkplass og vera eit langt steg til 1.divisjon. Her frå den knusande 5-0-sigeren mot Arna-Bjørnar 2 helga som var.  Arkivfoto: Halvor Farsund Storvik

– Me har eit lite favorittstempel

Kaupangertrenaren er svært bevisst på å ikkje undervurdera Hinna når dei to møtest til seriefinale søndag. To svært sentrale spelarar er dessutan ikkje klare til kampen.

Kaupanger: – Sidan me leier serien og vann 5-0 mot Hinna heime har me vel eit lite favorittstempel. Men det er eit godt lag me møter. Så me undervurderer dei i alle fall ikkje, seier trenar Øystein Lindesteg Rinde.

Utgangspunktet er veldig greitt når slaget skal stå i Stavanger mellom nummer ein og to på tabellen i 2.divisjon avdeling 4; med siger eller uavgjort er Kaupanger klare for kvalifiseringsspel til 1.divisjon.

Tapar dei mot Hinna stikk siddisane av med kvalifiseringsplassen. Og det ville vera surt;  i kvalifiseringsspelet rykkjer to av tre lag opp, og Lindesteg Rinde har tidlegare uttalt at vestlandsavdelinga er den sterkaste i 2.divisjon.

Les også: – Opprykk vil vera løft for damefotballen i heile fylket

Ikkje bekymra for lang reise

Difor er kampen no søndag etter alt å døma den største bøygen for å ta seg opp i det nest beste selskapet i norsk kvinnefotball.

– Me har vunne tolv kampar, men kvar kamp lever sitt eige liv. Me må prestera til helga - men det er godt å koma til kampen med ei god kjensle.

HAR TRUA: Kaupangertrenar Øystein Lindesteg Rinde er nøktern optimist før seriefinalen. Arkivfoto
HAR TRUA: Kaupangertrenar Øystein Lindesteg Rinde er nøktern optimist før seriefinalen. Arkivfoto

For helga som var tok Kaupanger ein overbevisande 5-1-siger heime mot Arna-Bjørnar 2 - eit lag midt i fatet på tabellen. Hinna vann også komfortabelt 4-1 borte mot Forus og Gausel, men så er også det det definitivt svakaste laget i avdelinga.

Samstundes spelar altså Hinna heime og reisa til Stavanger er lang for Kaupanger. Lindesteg Rinde trur ikkje lang reise gjer "bortekampbakdelen" enno større enn den er i utgangspunktet:

– Me reiser dagen før og har ei god opplading med mykje sosialt. Så me er vande til lang reise til kampar både i Møre og Romsdal og Rogaland . Ein lang tur er det, men me gjer alltid gode førebuingar.

Berteig og Ruud Pettersen uaktuelle

Han hadde eit håp om å få Tea Berteig klar til den særs viktige kampen - ho har stått for ni mål og 18 målgjevande denne sesongen. Men ankelskaden var verre enn ein først trudde:

– Ho er mest truleg ute resten av sesongen. Kanskje kan ho bli klar til ein kvalikkamp, men ikkje før.

– Bekymrar det deg?

– Me skulle gjerne hatt henne med. Marie Ruud Pettersen er ute også. Men det får me ikkje gjort noko med det, og me har ein god stall. Så då fokuserer me på det.

– Kva blir resultatet i den avgjerande kampen søndag?

– Det vil eg ikkje gje meg ut på, men eg er sikker på at me scorar mål.

– Eit typisk trenarsvar, med andre ord.

– Eg seier alltid til oppmannen før kamp kva eg trur om resultatet, men går ikkje ikkje ut med det offentleg.

Til toppen