I KVAMMEGÅRDEN: Vamp spelar i Kvammegården i Lærdal fredag 21. juli. Pressefoto: Haakon Nordvik
I KVAMMEGÅRDEN: Vamp spelar i Kvammegården i Lærdal fredag 21. juli. Pressefoto: Haakon Nordvik

– Me har lenge hatt lyst til å spela i Lærdal

Å få spela i kulissar med flott natur og arkitektur gjorde at Vamp sjølve tok initiativet til å halda sommarkonsert i Kvammegården.  

Lærdal: – Eg snakka med Vamp for å høyra om dei kunne spela under Kom heimatt, men så var dei fullbooka den helga. Nokre veker,  og så ringjer dei og seier at dei har lyst til å koma til Lærdal på eit anna tidspunkt. Det måtte me få til, sjølvsagt, seier Stian Offerdal Vatlestad.

Dermed vart han koordinator for Vamp-konserten som no har gått i orden og vil gå av stabelen fredag 21. juli.

– Dei kjem med fullt utstyr sjølve; lys og lyd, og me betalar ingenting. Så får dei sjølvsagt billettinntektene, fortel Offerdal Vatlestad.

– Ein utruleg flott plass me aldri har spelt

Øyvind Staveland, som starta Vamp, spelar fleire instrument og er vokalist på somme av låtane, fortel dei rett og slett hadde veldig lyst til å spela i Lærdal og Kvammegården

– Det er ein utruleg flott plass som me aldri har spelt, me har berre overnatta der. På sommarkonsertane våre vil me gje publikum ei tilleggsoppleving og det meiner me det blir når rammene er flott natur og arkitektur. Så likar me å spela der folk bur og lever; at dei ikkje må reisa til konsertane. Det gir noko meir, og er noko me har hatt bra suksess med.

Såleis er scena i Kvammegården med Gamle Lærdalsøyri sin arkitektur og kringliggjande fjord- og fjellandskap sentralt for at Vamp til slutt sjølve tok initiativet til konserten.

– Me har tenkt mange gonger at me må spela i Lærdal ei gong. Kom heimatt har kontakta oss fleire gonger, men så har ikkje det passa. No tok me kontakt om denne helga kunne vera aktuell, og då var det ikkje vanskeleg å få til.

– Store namn som de kostar jo gjerne skjorta å booka; er omgjevnadene eit viktig poeng for at de gav eit så godt tilbod? 

– Det er eit stort poeng. Me har ofte ein befaringsrunde om det er liv laga og logistikk til å halda konsert på plassane, og her har me ei scene som kjent i området og me har folk som er vande til å arrangera konsertar. Me kjem med full produksjon, og på denne måten er det ingen økonomisk risiko for som arrangerer konserten lokalt.  

– Håpar me klarar å fylla Kvammegården

Vamp treng vel knappast nokon nærare presentasjon, men historien om oppstarten er artig: Hausten 1990 samla Øyvind Staveland –som på den tiden var feiar i Haugesund – fem lokale musikarar på feiarbadet for å prøva ut nokre skisser til melodiar.

Med sin kombinasjon av folkenusikk, viser og rock har dei gjort stor suksess; mellom anna selde «Liten fuggel» 185 000 eksemplar då den kom mot slutten av 2013 – i ei tid då platesalet generelt i bransjen hadde stupt grunna Spotify og andre musikkstraumetenester.

Når Vamp kjem til Lærdal lovar Staveland ei god blanding

– Ein del av det folk  har høyrt før, og nokre smakebitar frå plata som kjem til hausten. Så blir det godt humær og me håpar sjølvsagt me har vêrgudane med oss. 

Offerdal Vatlestad håpar lærdøler og andre sogningar grip sjansen til å sjå Vamp i Kvammegården.

– Eg håpar det kjem mykje folk og at me klarar å fylla Kvammegården – det hadde vore artig. Så er det litt moro at dei som nett har starta oppatt med Lærdalsøren hotell får eit slik namn første året dei driv.

 

Til toppen