JULEHELSING: Ordførar i Årdal kommune, Hilmar Høl.
JULEHELSING: Ordførar i Årdal kommune, Hilmar Høl. (Foto: Synne Asheim Haga )

MEININGAR

– Me har mykje å takke våre tilsette for. Dei har halde hovudet kaldt og hjarta varmt

Ordførar i Årda kommune, Hilmar Høl, vil berømme årdølene for måten alle har håndtert dei ni månadane sidan landet blei stengt ned.

Meiningar: Det nærmar seg slutten på eit merkeleg år med ein pandemi som har sett heile verda i unntakstilstand og konstant beredskap frå 12. mars. Me har hatt svært lite smitte i Årdal, og det er tydeleg at koronaviruset har vorte teke på alvor av innbyggarar og næringsliv.

Det har for kommunen vore viktig at dei til kvar tid gjeldande reglar må følgjast, og der har kommune og næringsliv samarbeida godt.

Eg vil gjerne få rosa alle tilsette særleg innan helse, omsorg, bu-og miljø, skule, barnehage og SFO for den innsatsen dei har lagt ned.

Desse har kjent dette på kroppen sidan 12. mars, og har vore særs viktige for at kommunen kunne halde opp sine tenestar.

Spanande prosjekt trass pandemi

Me har mykje å takke våre tilsette for. Dei har halde hovudet kaldt og hjarta varmt.

Industrikommunen vår har hatt eit bra år til tross for etterdønningane i markedet etter koronaviruset. Utviklinga har vore god, sjølv om nokre i leverandørindustrien har måtta gå til permitteringar.

Reiselivssatsinga ser bra ut, og ligga an til bedring år for år, og investeringar som er gjort rundt turistsatsinga frå næringslivet kan ei ikkje gå forbi i stillheit. Den har og vore avgjerande for den auka turismen me såg i sommar, i lag med frivilligheiten me såg rundt turistinformasjonen.

Satsinga rundt SITEP og Årdal Teknologipark blir spanade å følgje vidare og vil vere med å styrke den vidaregåande skulen vår.

I desse dagar kan ei fylgje framdrifta på bygginga av Teknologiparken. Det er godt å ha med seg inn i eit nytt år.

17 desember hadde kommunestyret sitt siste møte dette året. Det er lagt eit ganske stramt budsjett for 2021, og ein økonomiplanen som legg føringar for store investeringar frå 2021-2024.

Den klart største ligg i å bygga ny sjukeheim. Me startar opp planlegginga av dette i 2021. Det vil komme fleire som treng sjukeheimsplassar i Årdal fram mot 2029.

Sidan var idretts- og anleggsplanen, og Sjøfronten dei to andre satsingane eit samrøystes kommunestyre vart einige om.

Den store utfordringa

Utfordringa for Årdal er at me ser at folketalet går nedover år for år. Statistisk Sentralbyrå (SSB) har prognose på at Årdal i 2030 vil ha ca 4700 inbyggarar, og i 2040, ca 4200 innbyggarar.

Politikarane i Årdal vil inngå eit veddemål med SSB på at dei tek feil, i tråd med Rådmann sine satsingar der me no vil starte ein forstudie, og forprosjekt, for eit omdøme- og rekrutteringsprosjekt.

Dette for å få folk til å bli kjent med Årdal, med alt det positive det medfører. Det viktige arbeidet med å få nye statlege arbeidsplassar til Årdal er og starta opp, i lag med Årdal næringsamskipnad og lokalt næringsliv.

Som ordførar er eg så heldig at eg dagleg får høve til å treffa mange flotte menneske med eit stort engasjement for lokalsamfunnet vårt. Dette er innanfor frivillige lag og organisasjonar, næringsliv og andre med lokalt engasjement.

For ordføraren har det vore viktig å møte bidragsytarane i den kommunale tenesteytinga for å lære. I fjor var eg med eldreomsorg og lærte mykje over to dagar. I år var eg med renovasjonbilen i to dagar. Svært interresant å fylgja verdikjeda av restavfallet, og i løpet av to dagar blei det samla inn 19 tonn restavfall tilbrenning i Geithus.

I løpet av det nye året vil eg vere innom skule, barnehage og SFO, bu og miljøtenesta og vaktmeistertenesta.

Om statusen vedrørande korona endrar seg i julehøgtida vil kommunen legge ut informasjon fortløpande på heimesida si. Per i dag er situasjonen under kontroll.

– Hald avstand, vask hendene og ver heime i jula

Kommunen førebur vaksinering av innbyggarane men førebels er det ikkje klart kor mykje eller når me får vaksina. Personar i målgruppa vil fortløpande få melding om vaksinering.

Sjølv om situasjonen i Årdal er avklart per i dag, og ein no ventar på vaksine, er det ingen grunn for oss til å sleppe ned skuldrane og bli uvørne i forhold til smittevernsråda.

Julehøgtida er ei tid der familien står i høgsete og det er vondt at ein ikkje kan vere samen på same måte som ein pleier.

Eg forventar likevel at alle held smittevernsråda som er laga for ei trygg julefeiring. Berre slik kan ein forhindre at smitten aukar i kommunen og at strengare tiltak blir nødvendig etter jul.

Avgrens det totale antal menneske du har sosial kontakt med gjennom heile juleperioden og ikkje minst no i førjulstida. Ta ein telefon til mennesker som du kjenner og som kanskje blir sittande aleine i julehøgtida.

Mange er aleine og får ikkje besøk av sine nære denne gongen. Syn omtanke for kvarandre.

Hald avstand, vask hendene og ver heime om du er sjuk slik at alle får ei trygg julefeiring. 

Eg ynskjer å sende ein stor takk til alle våre tilsette for den flotte jobben de gjer for innbyggarane i Årdal. Ei spesiell takk til dei av dykk som må vere på jobb i julehelga.

Eg vil og ynskje alle ei god og fredfull jul, og eit godt nytt år.

Til toppen