FOREDRAG: På onsdag snakka Rasmus Mo og Ole Petter Heggestad om deira opplevingar i Hellas på Dampskipskaia.
FOREDRAG: På onsdag snakka Rasmus Mo og Ole Petter Heggestad om deira opplevingar i Hellas på Dampskipskaia. (Foto: Youri van der Werve)

– Me har sett kor stor forskjell litt pengar kan gjere der borte

Reisen til Rasmus Mo og Ole Petter Heggestad til Hellas har gitt dei mange nye erfaringar og tankar, på onsdag delte dei deira historie.

Sogndal: – Me har sett kor stor forskjell litt pengar kan gjere der borte. For det er dråpar i havet i deira kvardag og små glede i deira forferdelege liv. Det handlar om å gjere livet deira litt betre, seier Rasmus Mo om turen sin til flyktningsleiren i Hellas.

I januar skreiv Porten.no om korleis Rasmus Mo hadde nytta Facebook sitt fundraisingverktøy til å samla pengar til Dråpen i havet. Ikkje lenger etter reiste han og Ole Petter Heggestad i lag ned til Hellas for å sjå med deira eiga auge kva som skjer der nede.

– Hadde me visst at det skulle bli så stort hadde me sikkert starta tidlegare, seier Heggestad om pengeinnsamlinga til Mo. 

Det vart berre eit stort eventyr

  Foto: Youri van der Werve

Engasjementet til Heggestad starta allereie hausten 2015 då flyktningskrisa var eit faktum

– Eg såg bilete av det som skjedde i Hellas den gongen. Spesielt den ungen som låg med ansiktet ned i sanden. Eg viste ikkje kva, men eg måtte berre gjere noko.

Etter å ha reist ned første gong i 2016 med organisasjonen Dråpe i havet blei det fleire turar.

– Det føltes godt å vera der og hjelpa til, seier Heggestad.

Når me kom til nyttåret inviterte eg med min venn Rasmus og han takka ja med ein gong. Lite viste eg kva han hadde tenkt å gjere etterpå. Det vart berre eit stort eventyr.

Kjøper det som det er behov for

– Eg veit eigentleg ikkje kva eg tenkte, for eg skjønte ikkje omfanget av det eg satte i gong, seier Mo.

– Viss ein skal trekke noko mot seg sjølv så kan ein jo seie at eg har eit stort nettverk og dei trur på det eg er med på. Men det er voldsomt viktig at ein ikkje får heltestatus ut av sånne handlingar.

Pengane som blei donert under innsamlinga står på Dråpen i havet. Pengane som Mo og Heggestad brukte er nede var sparepengar og litt vipsepengar.

– Det som skjer der nede er at leirsjefane ber oss om å bidra med ting som det er behov for. Då reiser me og kjøper det dei treng. Pengane som blei samla inn vil bli brukt opp på ting det er bruk for over tid, seier Mo.

Vil ikkje vere predikantar

Opplevingane var mange for Mo og Heggestad og heime i Sogndal fortel dei gjerne om det dei har sett. 

– Det som er viktig for oss er det viktig at vi ikkje blir predikantar. Viss me i ein kvar anledning dundra laust om dette her blir me jo ein pest og ein plage. Så me svarer på spørsmål og når folk ber oss om å fortellje så gjer me det og så er me på nokre sånne arrangement som dette. Dei fleste i Noreg ynskjer jo å bidra, men ikkje alle kan gjere det same. Me må vera forsiktige med korleis me sprer våre historier. Noko som er enkelt for oss treng ikkje å vera det for nokon andre.

Til toppen