Sogndal: Den fine knakinga av iskald, sprø nysnø er ikkje til stades i dag. I staden er det lyden av stålkantar som sklir på is og småkvist som knekk under fellene som fyller lufta. Eit følgje på åtte studentar er på veg opp eit fjell i Sogndalsdalen. På parkeringsplassen bak dei er til vanleg rimeleg trangt om plassen, men i dag er det berre deira to bilar som står der. Berre dei (over)ivrige trassar det dårlege skiføret for å få nokre skarve hopp og svingar i snøen.

– Me har vore litt for bortskjemde med god snø
Alle som er glad i å ha plankar på beina og lett puddersnø i fjellet, veit at årets skisesong er rimeleg skuffande so langt. Men dei ivrigaste ungdomane klagar ikkje. Er me litt bortskjemde med kvite, fine vintrar her i Sogn?