KOMMENTAR: Klubbane meiner at framtidige økonomiske innsparingar vil gå ut over kvaliteten i barnehagen om ein ikkje gjer grep, som til dømes å redusera opningstidene. Foto: Arkiv. 
meiningar
KOMMENTAR: Klubbane meiner at framtidige økonomiske innsparingar vil gå ut over kvaliteten i barnehagen om ein ikkje gjer grep, som til dømes å redusera opningstidene. Foto: Arkiv.  (Foto: Jan Christian Jerving)
meiningar

– Me kan ikkje vera tause vitne 

Les lesarinnlegg frå "Klubbane" i Utdanningsforbundet og Fagforbundet ved Lærdalsøyribarnehage. 

"Klubbane" i Utdanningsforbundet og Fagforbundet ved Lærdalsøyribarnehage​ skriv at dei ikkje kan vera tause vitne til at kommunen vel kvantitet framfor kvalitet. 

Les også: – Vel kvantitet framfor kvalitet i barnehagen

Torsdag 10. mars vedtok eit samrøysta kommunestyre at kvantitet er viktigare enn kvalitet i barnehagane i Lærdal, les me i Sogn Avis og nettavisa porten.no.

Vil ha god kvalitet

Kvantitet er her definert som lang opningstid med mindre vaksentettleik. Me som tilsette i barnehagen kan ikkje vera passive tilhøyrarar når kommunen som barnehageeigar vel vekk kvalitet.

For at barn skal ha god utvikling, er det viktig at barnehagen har god kvalitet. Nokre kjenneteikn på dette er relasjonane mellom barn og vaksen.

Vaksne som ser, responderer, stimulerer til refleksjon, språkleg og motorisk aktivitet. Dette krev nok bemanning, spesielt i kjernetida. God kvalitet krev og ei stabil personalgruppe, med lite utskifting. I tillegg er utdanningsnivået og kompetansen til personalet viktig for kvaliteten i barnehagen.

Stor innverknad på utvikling og læring

Når det er kvantitet ein ynskjer, vil barnehagen bli ein oppbevaringsplass tilpassa foreldra sine behov. Me har eit samfunnsmandat, og har lovar å reglar å forholda oss til. Me er opptekne av at barnehagetilbodet som vert gitt må vera av høg kvalitet, då det har stor innverknad på utviklinga og læringa til barna.

Rammeplanen for innhaldet i, og oppgåvene til, barnehagen gjev saman med innhaldsføresegna i barnehagelova §2, ei forpliktande ramme for planlegging, gjennomføring og vurdering av verksemda.

Barn under opplæringspliktig alder skal få tilbod om eit trygt og godt omsorgs- og læringsmiljø som er til beste for barna.

Forslag til endringar

Jo større vaksentettleik, og utdanna personale, jo betre moglegheit er det for å oppretthalde og utvikle god kvalitet. Gjennom ein ryddig prosess har barnehagen som organisasjon delteke aktivt og kome med konkrete forslag til endringar i vedtektene, som kan gje innsparing samtidig som ein opprettheld kvaliteten.

Ved framtidige økonomiske innsparingar vil det gå ut over kvaliteten om ein ikkje gjer grep, som til dømes å redusere opningstidene.

Eit godt barnehagetilbod er viktig for å få folk til å ynskja å busetja seg i Lærdal. Er barnehagar med låg vaksentettleik og fokus på kvantitativ verksemd attraktivt?

Til toppen