RAKT HOVUD: Christen Knagenhjelm (V) var blant dei tolv som stemte for mistillitsforslaget mot rådmann Jostein Aanestad. Tretten stemte mot.
RAKT HOVUD: Christen Knagenhjelm (V) var blant dei tolv som stemte for mistillitsforslaget mot rådmann Jostein Aanestad. Tretten stemte mot.

MEININGAR

– Me kan sjå veljarane våre i augo

Dei folkevalde i Sogndal kunne ha redda si politiske æra ved å stemma for mistillit mot rådmannen, argumenterer Christen Knagenhjelm i dette lesarinnlegget.

Meiningar: Adjø, etikken i Sogndalspolitikken, var av dei første reaksjonane etter at 13 kommunestyrerepresentantar, alle 8 i AP, begge frå SV og 3 frå SP vart 1 for mykje til å redda Sogndal si politiske ære.

Heldigvis kan dei 12 som ikkje ville vera med på å verna ein rådmann som har fått påvist både lovbrot, brot på regelverk og ikkje minst fått skuldingar om lygn, stå att med godt samvit. Og me kan sjå veljarane våre i augo.

Ordføraren har rett i at det er viktig med eit godt samarbeid mellom ordførar og rådmann. Meiner han at samarbeidet med den noverande rådmannen, som er skulda for usanningar og brot på arbeidsmiljølova, er viktigare enn det politiske samarbeidet i Sogndal? Eller ser han ikkje at at han over tid i større og større grad har fjerna seg som rolla som ordførar for heile kommunestyret, slik han gjorde i PFU-saka?

Heile barnevernsaka og PFU-klagen, som vart sendt utan drøftingar i det politiske miljø, kostnadene, sjølve handsaminga i PFU, resultatet og ikkje minst reaksjonar frå lokalpresse og generalsekretæren i Redaktørforeningen, har gjeve Sogndal eit omfattande omdømetap. Så langt me kan sjå, har me ikkje registrert freistnader på å redda omdømet, og me skulle gjerne ha sett ordføraren sin plan for korleis dette viktige arbeidet er tenkt starta. Og gjennomført.

Røysteresultatet i kommunestyret 11.1. må føra til ei grundig evaluering av prosessen fram til no og til drøftingar kring det politiske arbeidet i Sogndal kommune.

Til toppen