TØFFE TIDER: Resepsjonist Ingrid Koren er ein av 102 tilsette som er permitterte frå Quality Hotel i Sogndal.
TØFFE TIDER: Resepsjonist Ingrid Koren er ein av 102 tilsette som er permitterte frå Quality Hotel i Sogndal. (Foto: Halvor Farsund Storvik)

Me lagar oversikt over permitteringar og konkursar – og treng di hjelp

Bedriftene våre, små som store, er eitt av tannhjula som held samfunnet i gang. No treng me hjelp til å forstå korleis stoda er der ute.

Sogn: Det er openlyst at koronakrisa vil råka næringslivet hardt. Allereie har det kome meldingar om permitteringar hos nokre av dei største arbeidsgjevarane i Sogn, som Norsun i Årdal og Quality Hotel i Sogndal.

Det kan likevel vera vanskeleg å orientera seg i straumen av nyheitsmeldingar som tikkar inn. Enno vanskelegare er det å fanga opp dei mange små og mellomstore som óg slit. Det har me i Porten.no tenkt å gjera noko med.

Me har nemleg invitert heile næringslivet i Sogn til å gje oss oppdatert informasjon om permitteringar og økonomiske konsekvensar. Slik kan me kan danna oss eit betre bilete av det verkelege omfanget, óg når det utviklar seg over tid.

Diagrammet under er ein ørliten forsmak på kva me kan få til, berre me har tala til å gjera det.

Artikkelen held fram under.

Hjelp oss å kartlegga utfordringane:

Er du næringsdrivande eller sit i leiarposisjonar i di bedrift kan du bidra ved å fylla ut skjemaet under. Nokre svar er obligatoriske, andre er det mogleg å hoppa over.

Om du ønskjer å bidra med tal, men utan at desse kan koblast til firmanamn, så har me opna for det óg.

Å svara på spørreskjemaet tek ikkje meir enn rundt 2-5 minutt, men vil ha utruleg stor verdi viss mange nok deltek.

Til toppen