HEILE LÆRDAL: Kåre Mentz Lysne tykkjer folk tenkjer for mykje grend og for lite heile Lærdal i skulesaka. Arkivfoto
HEILE LÆRDAL: Kåre Mentz Lysne tykkjer folk tenkjer for mykje grend og for lite heile Lærdal i skulesaka. Arkivfoto

– Me må bli ferdige med grendakampen

Ljøsningane meiner politikarane som vil leggja ned skulen deira tenkjer for lite langsiktig. Kåre Mentz Lysne (Ap) er ikkje einig

Lærdal: – På Øyri får ein ikkje byggja høghus. Og det er lite plass til å byggja nye hus i og rundt sentrum. Samstundes vil ein skapa masse nye arbeidsplassar på Håbakken og få tilflytting. Her på Ljøsne er det plass til tilflyttarar - og me har mykje sol og godt klima. Men legg dei skulen ned blir det for langt til skule for familiefolket. Så du lurer eg; kvar skal dei som flytter til Lærdal bu? seier Inge Raa.

Han er ljøsning og følgjer nøye med på skuledebatten. Formannskapet vedtok denne veka å oppretthalda skulen med tre mot to stemmer.

Les også: Fleirtal for å oppretthalda Ljøsne skule

Les også: Første akt av den lokalpolitiske thrilleren er i gang

Men saka skal avgjerast i kommunestyret torsdag 20.oktober. Der kan det gå begge veger; sannsynet er stort for at det blir ni mot åtte stemmer eine eller andre vegen.

Artikkelen held fram under biletet

HEIT POTET: For ein liten månad sidan fekk elevane ved Ljøsne ny huske. No byrjar det å dra seg til i kampen mellom dei som vil leggja ned og halda på skulen. Arkiv
HEIT POTET: For ein liten månad sidan fekk elevane ved Ljøsne ny huske. No byrjar det å dra seg til i kampen mellom dei som vil leggja ned og halda på skulen. Arkiv

– Mange bustadprosjekt på Øyri

I følgje Kåre Mentz Lysne er gruppa til Arbeidarpartiet klare i sitt synspunkt:

– Medlemmane våre var ganske samstemte i møtet me hadde om dette nyleg - at me berre har ein moglegheit for å koma noko lunde i mål med økonomien og det inneber nedlegging av Ljøsne skule. Så finst det naturlegvis variantar og ulike meiningar hjå nokre av våre medlemmar også.

– Arbeidarpartiet gjekk i førre kommunestyremøte mot å gje dispensasjon til auka mønehøgd på Einemomarki fordi reguleringsplanen seier det ikkje skal byggjast i meir enn to høgder. Samstundes er det lite hus til sals på Øyri og lite plass til å byggja nye. Blir det ikkje då bakvendt å leggja ned skulen der det er best plass til å byggja og bu?

 – Når det gjeld bygging av bustader på Øyri er det store prosjekt på gang. Einemomarki får mange nye bustader, og eg meiner det blir feil å blanda inn mønehøgd no i skulesaka. Så har Fretland Bygg eit stort prosjekt på gang på Grandane. I tillegg er Øyemarki regulert til bustader. Me skal også jobba med ein arealplan der me ser på alternative plassar for tomter i Lærdal.

Les også: – Den som trur det blir ein stille haust i Lærdal, tek feil

Les også: Opna ny huske før lagnadshausten

Lysne trur heller ikkje tilflyttarar vil velgja vekk Ljøsne sjølv om skulen blir lagt ned.

– Eg ser ikkje heilt den koplinga mot Håbakken og eg trur ikkje folk vil slutta å busetja seg på Ljøsne sjølv om det ikkje er skule der. Folk blir veldig fokuserte på grendene i desse sakene, og me må bli ferdige med den grendakampen - heller sjå Lærdal under eitt.

Trur ikkje tunnelen kjem opp att i Stortinget fordi ein skule blir lagt ned

Ein annan mogleg konsekvens av skulenedlegging som blir diskutert på Ljøsne i desse dagar er om den vedtekne tunnelen forbi Ljøsne ikkje vil bli noko av dersom ein legg ned skulen.

– Ein skal passa seg litt når det gjeld den tunnelen. Eit av hovudargumenta for å leggja vegen i tunnel var at ein vil få europavegen vekk frå skulen. Eg tykkjer dei tenkjer veldig kortsiktig i denne saka, seier Inge Raa.

Høgre var det andre partiet som stemte for nedlegging av Ljøsne skule i formannskapet og etter alt å døma vil gjera det i kommunestyret også. Trond Øyen Einemo kjøper ikkje tunnelargumentet

– Vedtaket om tunnelen er gjort i Stortinget. Rett nok er det sentrale politiske krefter på Austlandet som ikkje ser poenget med å byggja denne tunnelen, men at tunnelsaka skal koma opp att for Stortinget fordi det blir lagt ned ein skule har eg svært vanskeleg for å tru. Eg kan skjøna at det blir brukt som argument, men ser ikkje at det er hald i det. 

Artikkelen held fram under biletet

MINDRETAL: Kåre Mentz Lysne (Ap, t.h) og Trond Øyen Einemo stemde for nedlegging og kom i mindretal i formannskapet. Det kan fort bikka andre vegen i kommunestyret torsdag 20.oktober. Arkiv
MINDRETAL: Kåre Mentz Lysne (Ap, t.h) og Trond Øyen Einemo stemde for nedlegging og kom i mindretal i formannskapet. Det kan fort bikka andre vegen i kommunestyret torsdag 20.oktober. Arkiv

– Mange på Ljøsne meiner det blir mindre attraktivt å bu der utan skule, samstundes er det lite plass til bustader på Øyri. Du er ikkje redd for at de tenkjer kortsiktig i denne saka?

– Nei, det er eg ikkje bekymra for. Der er ingen grunn til at folk skal lata vera å etablera seg på Ljøsne. Nesten halvparten av elevane set seg på bussen til Ljøsne skule også i dag. På Borgund gjer dei aller fleste elevane det. Me har skulebuss frå Ofta for å gjera skulevegen trygg. Det er ingen menneskerett å kunne gå til skulen. Det argumentet fell heilt ned for min del.

Han meiner i det store og heile at argumenta for å oppretthalda Ljøsne skule er for lite retta mot dei det dreier seg om - elevane.

– Dei fleste argumenta går på bukvalitet, ikkje på ungane. Det bekymrar meg, faktisk. Me må fokusera på god skule i heile bygda, ikkje å ha masse bygningar. Ljøsne skule ligg rett ved E16 - det er ikkje bra. Situasjonen kan endra seg om kanskje ein tretti års tid, og då er skulen nedlagt likevel. 

– Nokre fæle kostnadsoverslag

Eit tredje moment er dei kalkulerte innsparingane - FAU-leiar ved Ljøsne skule Hans W. Tønjum sa til Porten tidlegare i veka at ein tvilar på om nedlegging av Ljøsne skule vil gje innsparingar på 4,8 millionar kroner, som er talet administrasjonen no har kome fram til.

Les også: – Konsekvensane av nedlegging har ikkje kome fram

 I eit lesarinnlegg i Sogn Avis torsdag tek ein annan ljøsning, Steinar J. Mundal, same perspektivet:

"I den samanheng kan ein undrast på om også dette budsjettet er rein ynskjetenking, på lik linje med visse andre budsjett i Lærdal kommune siste åra. Kor realistisk er innsparinga på 4,8 millionar kroner ved å leggja ned Ljøsne skule?" spør han.

Rådmann Alf Olsen jr. uttalte følgjande til Porten om kalkylane tidlegare i veka:

– Det er alltid litt feilmarginar i slike tal, men me er trygge på at me får ei innsparing i denne storleiken. Det endelege svaret får me når tiltaka er gjennomførte.

Les også: – Skal gje eit best mogleg skuletilbod innanfor dei rammene me har

Ljøsne skule har også eit opprustingsbehov som vil kosta rundt 25 millionar kroner, går det fram av Skulebruksplanen. Om talet seier Inge Raa følgjande:

– Dei legg inn nokre fæle kostnadsoverslag med heis og det heile. Kommunen har styrt og stelt seg så dårleg - bygd seg aldeles vekk. 

I eit lesarinnlegg skriv Johan Grøttebø det slik:

"Konsekvensane og løysinga av  kostbare byggeprosjekt som kommunen gjennomførde for få år sidan, har medført at kommuneøkonomien (både når det gjeld investeringar og drift) har vorte problematisk. Dette les me stadig om i avisa. Denne dårlege kommuneøkonomien  er også hovudårsak til framlegga som no ligg føre  om nedlegging av Ljøsne skule."

Til toppen