TANKAR FRÅ FRUKTHAGEN: SP-Politikar Svein Jarle Slinde har fundert litt om framtida etter koronakrisa.
TANKAR FRÅ FRUKTHAGEN: SP-Politikar Svein Jarle Slinde har fundert litt om framtida etter koronakrisa. (Foto: Privat)

MEININGAR

«Me må gjera som me får beskjed om, men me må òg sjå framover»

– Når ting byrjar å normalisera seg att, må me tenkja nytt for å få ting i gang att. Denne tenkinga meinar eg me må byrja med, med ein gong, skriv fruktbonde og politikar Svein Jarle Slinde.

Meiningar: Tida me no er inne i er uverkeleg, og ingenting er som før.

Over natta vart folk permitterte, folk mista jobbane sine og såg livsverket gå til grunne, skular og barnehagar vart stengde. Ikkje minst så døyr folk av noko usynleg som me ikkje hadde høyrt om for nokre månadar sidan.

Yrker som av mange vart sett ned på, har vist seg å vera dei viktigaste me har. Dei som sørger for at det er reint, som hentar bosset vårt, som jobbar innan helse, som lagar eller sel maten vår, som sørger for at borna våre har ein stad å vera og å læra, og mange andre yrker får no sin velfortente respekt.

Trur folk vil søka til det trygge

Me vil oppføra oss annleis enn me har gjort. Sjølv om me får vaksiner, så trur eg det tek mange år før me ser store forsamlingar av folk slik me er vande med. Mykje av det me gjer handlar om å samlast, eksempelvis idrettsarrangement, festivalar, dyreparkar eller bysentrum.

Det same vil gjelda reiser til større utanlandske byar, der me ikkje er kjende med hygiene eller er trygge på helsevesenet. Det store fleirtalet vil nok bruka lang tid, før dei legg ut på noko som dei trur kan vera farleg.

Eg trur at mange vil søka seg mot det «trygge», der det er meir mellomrom mellom folk og du slepp å «stå oppå kvarandre» til ei kvar tid. Me har ikkje hatt ein «lockdown» i Noreg endå, men det er mange eksempel i Europa der du ikkje får gå ut av leilegheita di. Om ein familie bur på 50-60 kvadratmeter, og ikkje får gå ut, vil nok ein del eller nokre av desse familiane sjå seg om etter noko større og meir landleg når dei får sjansen.

Nytenking må til

Jobbmarknaden, spesielt i byar, vil truleg óg vera skada i mange år. Uteplassar, turismeverksemder og andre vil slita med å få det til å gå rundt. Landet har vore stengt, og folk vil truleg verken møtast eller reisa på ferie i same omfang som før.

Her i distriktet vårt blir me óg hardt ramma. Hotell er heilt stengde, entreprenørane permitterer, festivalar blir avlyste, skisenter blir stengte i høgsesongen, dei butikkane som er opne går på sparebluss, og mange andre slit på forskjellige nivå.

Det me no er med på vil verta ein «game changer», som dei seier i utlandet. Når ting byrjar å normalisera seg att, må me tenkja nytt for å få ting i gang att. Denne tenkinga meinar eg me må byrja med, med ein gong.

Sogn bør bu seg på å ta imot norske turistar

Ifylgje Statistisk sentralbyrå brukte nordmenn 91,5 milliardar kroner på utanlandsferie i 2019, me var på 880 000 lengre utanlandsferiar (over fire overnattingar), og på 550 000 korte utanlandsferiar i 2019.  Dette er faktisk synkande tal, sidan fleire av oss vel å feriera i heimlandet enn før. Ein av grunnane til dette er klimasaka, noko som kjem tilbake på dagsordenen når ting elles blir normaliserte.

Folk flest kjem ikkje til å slutta å reisa på ferie, men reisemønsteret kjem til å bli endra. Folk kjem heilt sikkert til å reisa meir innanlands, og mange av dei vil truleg reisa til mindre stadar der dei føler seg trygge. Dette må me bu oss på i åra framover. Sogn er ein heilårsdestinasjon, og me har alle moglegheiter for å ta imot meir folk. 

Sogn bør difor førebu seg på å ta imot fleire folk som ferier innalands i framtida, både med tanke på overnatting, opplevingar, kultur og meir. Om me gjer dette rett, kan me ta att mykje av det tapte og kanskje vera med på å varig endra folk sitt reisemønster? Salet av opplevingsreiser for mindre grupper vil nok eksplodera framover.

Urban lengsel

Vidare trur eg at det vil bli meir attraktivt å søka seg ut i distriktet for å busetta seg. Me har mange jobbar tilgjengelege, og denne krisa viser at folk kan arbeida frå heimekontoret. Om berre nettet er godt nok, er det ofte det same kor du bur. 

Tryggheit og tumleplass er attraktivt, det er berre å spørja dei engelskmenn, tyskarar eller nederlendar som har busett seg i distriktet vårt dei siste tiåra. Personar som skapar eller tek med seg sine eigne jobbar, og som vil bu i utkantane.

For oss kan det høyrast merkeleg ut å flytta frå metropolen London til eit småbruk der det knapt er veg, men av fleire titals millionar personar i storbyar, er det faktisk nokre prosent eller promille av dei av som ynskjer å leva i ein fjordarm i Sogn.

Tilfellet Stongfjorden

Eit godt eksempel på slik flytting er frå Stongfjorden i Sunnfjord. Etter finanskrisa i 2008 flytta det over 25 personar til bygda frå eit økonomisk skadeskote Island. Det var faktisk så mange islendingar der, at bygdene rundt vart førespurde om å busetta islendingar dei ikkje hadde plass til! Eit godt arbeid frå ei eldsjel og fleire andre, gjorde at Stongfjorden var attraktiv å flytta til. 

Om me spelar korta våre rett, er eg sikker på at me vil sjå eit tilsvarande flyttemønster i distriktet vårt framover, men det er avgjerande at me spelar på lag for å få dette til.

Målretta reklame, tilflyttingsprosjekt, samarbeid og visjonar må til. Dei fekk det til i Balestrand for over hundre år sidan, så kvifor skal det ikkje gå no?

Alvorleg situasjon

Det må presiserast at dette ikkje på nokon måte er eit forsøk på utnytta situasjonen som me no er i.

Det som skjer er forferdeleg, og det er noko me alle skulle vore forutan! Det er viktig å gjera som me får beskjed om frå styresmaktene, det er ikkje for moro alle desse tiltaka er sette i verk. Verda er i endring, noko me må ta inn over oss på alle måtar.

Og heilt til slutt: Småbruk er alltid blant dei mest søkte orda på Finn. Det er få småbruk i byane.

Til toppen