DISPUTT: Dei to gruppeleiarane i Sp og Ap, tilhøvesvis Gro Starheimsæther og Kåre Mentz Lysne, leia an i «disputten» om kva parti som hadde æra for at kaisaka hadde kome inn på eit godt spor. Foto: Ole Ramshus Sælthun 
DISPUTT: Dei to gruppeleiarane i Sp og Ap, tilhøvesvis Gro Starheimsæther og Kåre Mentz Lysne, leia an i «disputten» om kva parti som hadde æra for at kaisaka hadde kome inn på eit godt spor. Foto: Ole Ramshus Sælthun 

– Me må ha ein liten disputt no før sommarferien

Ap, Sp og til dels SV debatterte heftig kven som skal ha æra for at kaisaka i Lærdal har kome inn på eit «betre spor».

Lærdal: – Mykje av dette sa me allereie i januar; altså at det burde startast ein overordna prosess og eit eige prosjekt om kaiutbygging. Eg registrerer at rådmannen er heilt einig med oss no i det me meinte då. Eg tenkjer då ikkje berre på sjølve kaia, men kva kan utvikla rundt; bustadplan og så vidare, sa Kåre Mentz Lysne (Ap) i kommunestyret torsdag.

Sakene gjaldt oppstarta av områderegulering for Strendene og oppstart av områderegulering for Erdal. 

Bakgrunnen for at det skal startast områderegulering for dei to områda er dei mykje omtala planane om etablering av kai i Lærdal.

Les også: - At ein vil ofra to nærmiljø for ein fabrikk er uforståeleg

Les også: – Ønskjer hamn hjarteleg velkommen i Erdal

– Takk til Ap for å ha skrive historie

Saka var først oppe i kommunestyret i februar, då vart den utsett til marsmøtet. I marsmøtet høvla ein sju alternativ for plassering av kai ned til to; Erdal og Strendene. Så skulle ei administrativ arbeidsgruppe sjå på saka vidare.

Les også: Utsette oppstart av planarbeid for hamn

Les også: Kai i Lærdal: – Me politikarane sit att som spørsmålsteikn

I tida fram mot kommunestyremøtet torsdag har det vore synfaringar på dei to stadene og dialog med grunneigarane. Gruppa har kome fram til at det bør ei områderegulering til på begge plassane. Samstundes skal Lærdal Næringsutvikling gå i gang med eit eige prosjekt på sjølva kaiutbygginga – behov, logistikk, finansiering, eigarskap, drift.

Les også: Kaiplanar: – Treng mykje meir informasjon før me i det heile kan vurderinga

Les også: Her kan det koma tømmerkai

Les også: Meiner grunneigarane blir altfor seint involverte

Ingen i kommunestyret tala mot rådmannen sitt framlegg om oppstart av områderegulering. Spørsmålet var kva partikonstellasjon som skal ha æra for at saka no har hamna i «eit veldig godt spor», som Lysne på eit tidspunkt i debatten uttrykte.

Men før den tid stilte han seg lageleg til for hogg:  

– Eit hjartesukk til slutt; hadde me køyrt dette som ein god prosess frå starten av, hadde me spart oss for støy og tid. Hastverk er lastverk.

Kort fortalt har Senterpartiet og Høgre vore gassen i saka om å få til kai i Lærdal rimeleg kjapt, medan Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Venstre har trykt på bremsen.

Gro Starheimsæther (Sp) var ikkje sein om å gå på talarstolen etter Lysne si innleiing:

– Då vil eg takka Ap for å ha skrive historie. Eg er einig i at det ikkje var ein bra prosess i starten, men eg trur ikkje me hadde stått her i dag om me skulle ha hatt samfunnsdelen i kommuneplanen klar først – som Ap også ville då.

– SV alltid skeptiske

Så var det klart for Annike Vanberg (SV):

– Me er einige med Ap her; med denne prosessen får me inn kunnskapsgrunnlag og gått i dialog med grunneigarar, vidare får me høyrt kva planar dei har. 

Kåre Mentz Lysne følgde på:

– Me må ha ein liten disputt no rett før sommarferien. Eg forstår at Sp er utålmodige, men no er me inne på eit veldig godt spor, og det køyrer me vidare på.

Og Starheimsæther gjekk på talarstolen att:

– Då takkar eg Ap for ei oppsummering av kva eg sjølv meiner. Me var ueinige med Ap på to punkt; at det måtte full områderegulering til pluss at samfunnsdelen måtte vera klar før ein kom vidare.

Då melde også ordførar Jan Geir Solheim (Sp) seg på:

– De (Ap og SV – først og fremst, journ. anm.) er så veldig opptekne av at ein skal utgreia behov for kai i Lærdal. Det er eg ikkje så veldig for. Behovet for kaiar i Noreg er svært stort. At prosessen har ført til ekstra belasting for dei som bur der, det beklagar eg sterkt.

Så skrudde ordføraren til:

– Me hadde ikkje kome så langt i denne saka no om me ikkje hadde veldig flinke folk i kommunen, heller ikkje om ingen hadde hastverk i denne saka. Så eg meiner ikkje hastverk er lastverk. Og kvar gong det er snakk om å endra på noko i Lærdal er SV skeptiske. Eg kjem til å setja stor pris på om SV kunne vera einige i ein eller anna form for endring på eit eller anna, ei eller annan gong.

– No får me sjå framover

Då var det Vanberg (SV) sin tur.

– Når eg tek meg eit godt glass vin i kveld skal eg tenkja ut eit svar til deg. Så kjem det svaret på e-post i morgon.

Lysne (Ap) hadde på sett og vis starta ballet, og tykte kanskje det var på tide å setja punktum.

– Det var ikkje samfunnsdelen i kommuneplanen me ville ha klar først, men arealdelen. Uansett, no får me sjå framover.

Og rådmannen si tilråding med eit tillegg frå formannskapet vart samrøystes vedteke i kommunestyret. Det lydde som følgjer: 

«Kommunestyret vedtek oppstart av Områderegulering for Strendene, og utlegging av Planprogram til offentleg ettersyn. Det vert løyvd 350 000 kr til utgreiingsarbeidet knytt til planarbeidet som skal løyvast frå Næringsfondet.

Endeleg finansiering skal avklarast nærare mellom kommune og Lærdal Næringsutvikling.» 

Eit identisk vedtak vart gjort for oppstart av områderegulering for Erdal.

Til toppen