GODE SJANSAR: Kaptein Henrik Furebotn meiner Sogndal må ta betre vare på sjansane sine på bortebane dersom det skal bli poeng. Foto: Halvor Farsund Storvik.
GODE SJANSAR: Kaptein Henrik Furebotn meiner Sogndal må ta betre vare på sjansane sine på bortebane dersom det skal bli poeng. Foto: Halvor Farsund Storvik.

– Me må ta vare på sjansane våre på bortebane

Henrik Furebotn er klar på at dersom Sogndal skal ta poeng på bortebane denne sesongen, må dei setje sjansane sine.

Tromsø: Gjestane frå saftbygda kom klart best i gang på Alfheim søndag kveld, men verken Bendik Bye eller Christophe Psyché klarte å utnytte dei gode sjansane sine.

Eit smårysta Tromsø fekk etter kvart skylt ansiktet med kaldt vatn, og då var det heimelaget som tok styringa. Knapt 40 sekundar var spelt då Gjermund Åsen gav Tromsø 1-0. Simen Wangberg auka til 2-0 åtte minutt etter, og sjølv om Sogndal viste fine tendensar tidvis, var det vertane som fekk utteljing. På overtid fastsette Hans Nordbye sluttresultatet til 3-0.

Sjå høgdepunkta frå kampen i videovindauget øvst i artikkelen. Les meir om den unike moglegheita til Porten.no HER.

– Me byrjar veldig bra og har veldig store sjansar. På bortebane bør me sette desse. Etter kvart kjem Tromsø meir og meir inn kampen, og det første me gjer etter pause er å byrja med ein feil. Då får Tromsø energi og me dett litt ned, og når 2-0 kjem så kjapt etterpå, så blir det vanskeleg, oppsummerer kaptein Henrik Furebotn til Porten.no. 

– Kunne fått ein heilt annan kamp

Sogndal-trenar Eirik Bakke sa til Eurosport etter kampen at det burde vore frispark til Sogndal i forkant av 1-0. Furebotn seier han ikkje såg situasjonen så tydeleg.

– Og uansett skal me ikkje koma i den situasjonen. Ballen skal berre beinast opp der, seier han og meiner ei tidleg scoring ville vore alfa og omega for laget hans i 1. omgang.

– Då ville me fått kampen dit me ville og ikkje trengt å ta særleg med sjansar framover, men i staden liggja og kontra på dei. Då måtte Tromsø ha flytta opp, og me ville fått ein heilt annan kamp. Men me må setja desse sjansane når me får dei, gjentek han.

Seks mål imot på bortebane

Med det har Sogndal tapt sesongens to første bortekampar og sleppt inn tre mål i begge to. Samstundes såg dei svært solide ut på Fosshaugane mot Stabæk.

– Blir Sogndal eit «typisk» heimelag denne sesongen?

– Det er klart me ønskjer å gjera det bra heime, det er der me skal ta dei fleste poenga, men me må stramme oss opp på bortebane. Der må me vera like god i begge boksane. Eg tykkjer me slepp motstandaren litt for lett til sjansar. Dei kjem litt lett rundt oss, meiner kapteinen, som no kan håpe at heimeformen held fram mot Strømsgodset 2. påskedag

Til toppen