Meiningar: 2. desember vart folketellinga for 1920 i Norge frigjort på Digitalarkivet sidan det er 100 år sidan den vart gjennomført. Og når ei slik historisk folketelling blir frigjort så kan det vera greit å ta ein fot i bakken og sjå på korleis har utviklinga har vore i vår region, kontra landet dei siste 100 åra.
Mykje har skjedd i landet og regionen vår på desse 100 åra. Men det er likevel ikkje lenger enn at mange av oss kjenner eller har kjend folk som er født i 1920.
Landbruk og fjorden i 1920
Landet hadde Bergensbana mellom Oslo og Bergen. Med både nattog og dagtog. Og reisetida var rund 12 timar. Det var knapt brukandes vegsamband mellom dei to byane som i all hovudsak gjekk gjennom Sogn.
I Indre Sogn levde me av landbruket og fjorden var ferdsesåra mellom bygdene. Det fantes få vegar og det var nesten dagsreiser mellom bygdene.
Tabellen under viser folketalet i Indre Sogn og heile landet i 1920.
Kommunar | Folketal i 1920 |
Vik | 3438 |
Årdal | 1701 |
Lærdal | 2502 |
Sogndal | 8373 |
Luster | 6947 |
Aurlad | 2301 |
Totalt Indre Sogn | 25262 |
Totalt Noreg | 2649775 |
I Noreg budde det rundt 2,6 millionar mennesker i 1920. I Indre Sogn budde det 25 262 personar. Storkommunen Sogndal var den største i 1920, akuratt som som den er i dag med sine 8373 innbyggarar.
Luster kommune var òg ein stor kommune med nesten 7000 innbyggarar. Årdal kommune var den klart minste kommunen i 1920, bortgjøymd i ein krok innerst i Sognefjorden.
Status 2020: – Føresetnader for vekst er til stades
Kommunikasjonane er radikalt endra. Stamvegar mellom Berge og Oslo er etablert og midt i landet mellom desse stamvegane ligg Indre Sogn. Regionen ligg svært sentralt til. Indre Sogn har fått tunellar og vegar både her og der.
Dagsreiser er blitt 20 - 30 minutt mellom bygdene. Det tek knapt ein time frå den tidlegare avkroken men no sentrale Øvre Årdal til Aurland og Sogndal til dømes. Det er muligheiter til å dagpendla og alle føresetnader for vekst er til stades.
Tabellen under viser folketalet i Indre Sogn og heile landet i 2020.
Kommunar | Folketal i 2020 |
Vik | 2627 |
Årdal | 5178 |
Lærdal | 2133 |
Sogndal | 11833 |
Luster | 5176 |
Aurlad | 1763 |
Totalt Indre Sogn | 28710 |
Totalt Noreg | 5384576 |
Folketalet i Indre Sogn har auka til 28710. I Norge har folketalet auka til om lag 5,4 millioner på desse 100 åra.
Utviklingstrekk Indre Sogn kontra landet
Tabellen nedunder syner endringar i folketalet for kommunar i Indre Sogn og landet både i tal og prosentvis dei siste 100 åra.
Kommunar | Endring i folketal | Prosent |
Vik | - 811 | -23,59 % |
Årdal | + 3477 | +204,41 % |
Lærdal | - 369 | -14,75 % |
Sogndal | + 3460 | +41,23 % |
Luster | - 1771 | -25,49 % |
Aurland | - 538 | -23,38 % |
Totalt Indre Sogn | + 3448 | +13,65 % |
Totalt Noreg | 2734801 | +103,21 % |
Folketalet i Norge har vokse med over 100 prosent, medan det har gått ned 23-24 prosent i Vik, Aurland, Luster og Lærdal siste 100 år.
I Årdal har folketalet vokse med litt over 200 prosent, medan det i storkommunen Sogndal har vokse med 41 prosent.
Skulle kommunane i Indre Sogn samla Sogn fulgt same utvikinga for landet så burde folketalsveksten vore 26 019 og ikkje 3 448 som den da reelt er.
Me manglar 22571 sogningar sett i høve utviklinga i landsgjennomsnittet.
Sogn har fått svært gode kommunikasjonar. Regionen ligg midt mellom to store byar. Regionen ligg svært sentralt til i Norge og det er flotte buområder.
Denne regionen burde ikkje mangla 22 571 Sogningar sett i ljos av eit 100 års perspektiv.
Kan sentralisering av makt og tjenester være ein av årsakane. At det er bygder som knapt har statstjenestemenn. Til dømes berre 12 forblåste sjeler i Årdal, medan ein i Oslo/Akershus har over 35 prosent av alle Norges statstjenestemenn derav alle dei mektigaste.
Kommunane i Indre Sogn burde ikkje mangla 22 571 indre sogningar.