BEGGE DELER: Tore Johan Arntzen i Handelsbygg meiner det er plass til både forretningsbygg og aking i Hydroparken. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
BEGGE DELER: Tore Johan Arntzen i Handelsbygg meiner det er plass til både forretningsbygg og aking i Hydroparken. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

– Me meiner det er plass til aking og handel

Tore Johan Arntzen i Handelsbygg har ikkje mindre tru på at forretningsbygget i Hydroparken blir realitet etter folkemøtet.

Årdal: Drøye 140 innbyggjarar høyrte den daglege leiaren i Handelsbygg, Geir Myklebust frå konsulentfirmaet Balanza Gruppen og sakshandsamar i kommunen Johannes Henrik Myrmel informere om planane for Hydroparken.

Handelsbygg ønskjer som kjent å etablere eit forretningsbygg i parken, som er eid av Hydro, med plass til to-tre forretningar. Ein av desse skal vere Europris, men under møtet onsdag, fortalte Arntzen at dei også var i dialog med andre og at ingenting var underskrive.

Sjå folkemøtet i sin heilskap i videovindauget nedst i artikkelen.

– Eg synest dette gjekk greitt. Kommunen var grundig i å belyse planprosessen og vurderingar som er gjort og må gjerast. No ligg saka hjå kommunen, seier Arntzen til Porten.no.

– Finn ein annan stad

Blant tilhøyrarane var det fleire som stilte seg kritisk til det som var lagt fram. Siri Benjaminsen viste til formålet med reguleringsplanen frå 1996. Ho sa Europris var hjarteleg velkomne til å etablere seg, men ho ønskjer ikkje at Hydroparken skal byggjast ned.

– Grøne areal er ikkje nedbyggjingsareal. Me har lite av slike areal frå før og er eit samfunn som er tett utbygd. Eg skulle ønskt de hadde valt ein av dei andre plassane, sa ho og viste til lista med ulike bygg og område Handelsbygg og Europris har sett på i Årdal dei siste ti åra.

Artikkelen held fram under biletet.

ANNAN STAD: – Eg skulle ønskt de hadde valt ein av dei andre plassane, sa Siri Benjaminsen og viste til lista med ulike bygg og område Handelsbygg og Europris har sett på i Årdal dei siste ti åra.
ANNAN STAD: – Eg skulle ønskt de hadde valt ein av dei andre plassane, sa Siri Benjaminsen og viste til lista med ulike bygg og område Handelsbygg og Europris har sett på i Årdal dei siste ti åra.

Dette inkluderer mellom anna industriområdet i Bukti, Dooria-bygget, Teigen-bygget som i dag husar Kiwi, den kommunale eigedommen på tvers av Bygger'n, Jotunplassen og Domus-bygget. Ingen av desse var tilfredsstillande.

– Viss de skulle etablere dykk i Bergen eller Oslo, ville de ha sett på Vigelandsparken, Frognerparken eller Lille Lungegårdsvann? Hydroparken er vårt beste grøntareal. Det er ikkje ferdigstilt. Eg meiner det har kjempepotensiale, heldt Benjaminsen fram. 

– Ja, takk, begge deler

Det blei også lagt fram eit poeng om at parken fungerer som akebakke om vinteren. Arntzen meiner det er mogleg å få til begge deler og viste skisser av korleis dette kunne sjå ut. Han ser nemleg for seg å spare ein del av vollane og beholde desse som akebakkar.

– Det kom mange bra innspel. Me meiner det er plass til både aking og handel. Me er som Ole Brumm og seier «ja, takk, begge deler». Det ønskjer me å leggja til rette for. 

Artikkelen held fram under biletet.

ORIENTERTE: Arntzen orienterte dei oppmøtte om kva planar dei hadde for Hydroparken og viste 3D-bilete.
ORIENTERTE: Arntzen orienterte dei oppmøtte om kva planar dei hadde for Hydroparken og viste 3D-bilete.

Arntzen gjentok også tidlegare argumentasjon om at dette vil gi 20-30 nye arbeidsplassar, at det vil bremse handelslekkasje, og at det skal investerast 30-40 millionar, der 70 prosent av dette blir brukt på lokale entreprenørar. 

Politisk avgjerd etter sommaren

No skal saka ligge ute på høyring fram til 15. mai. 

– Så skal kommunen ved sakshandsamar handtere innspela og leggja til rette for politisk handsaming, noko eg trur blir vanskeleg å få til før sommaren. 

– Eg vil takka for kommentarar og innspel, og så høyrer me sjølvsagt kva som blir sagt. Me skal vega for og imot, og det er eg trygg på at kommunestyret vil gjera, avslutta ordførar Arild Ingar Lægreid. 

Til toppen