VARIABELT: Årdaltrenar Ivan Øy oppsummerer med ein svært god periode midt i sesongen, men tap av tre sentrale spelarar og for variabelt nivå som grunnane til at det blir 4.divisjon neste år. Arkivfoto:
VARIABELT: Årdaltrenar Ivan Øy oppsummerer med ein svært god periode midt i sesongen, men tap av tre sentrale spelarar og for variabelt nivå som grunnane til at det blir 4.divisjon neste år. Arkivfoto:

– Me rykkjer ikkje ned, men bortover

Tapet av Christian Stedje, Brett Fellows og Eirik Rode meiner Ivan Øy er mykje av grunnen til at Årdal Fk rykkjer "bortover".

Årdal: –  I år ligg me eitt nivå under toppfotballen. Det same gjer me neste år. Så me seier oss i mellom at me ikkje rykkjer ned, men bortover. Kanskje er det først og fremst ei fattig trøst, men..

Årdaltrenar Ivan Øy kan sjå tilbake på ein variabel sesong. Trass ni kampar utan tap midt i sesongen blir det per definisjon nedrykk frå 3.divisjon til fjerde.  

Ned- eller "bortoverrykket" forklarar han med tap av tre sentrale spelarar og eit for variabelt nivå: 

– I vårsesongen gjekk me på nokre unødvendige tap av viktige poeng. Dei skulle me ha hatt med oss på slutten. Men me visste at det ville bli tøft når me på ulikt vis mista tre så gode spelarar som Christian Stedje, Brett Fellows og Eirik Rode. Me vart  betydeleg svekka av det. Hadde me halde på det laget me hadde i vår, ville me ha kjempa om plassane i toppen, seier Øy.

Artikkelen held fram under biletet

VIKTIGE: At Årdal vart svekkja med tap av tre viktige spelarar - blant dei Eirik Rode (t.h.) - gjennom sesongen, er noko av forklaringa på nedrykket, meiner trenar Ivan Øy. Arkivfoto
VIKTIGE: At Årdal vart svekkja med tap av tre viktige spelarar - blant dei Eirik Rode (t.h.) - gjennom sesongen, er noko av forklaringa på nedrykket, meiner trenar Ivan Øy. Arkivfoto

– Me har prøvd det meste etter kvart

Det variable nivået forklarar han med meir enn tapet av dei tre spelarane:

– Me måtte ha eit bra snittnivå for å halda oss i tredjedivisjon. Botnnivået vårt er litt for djupt, då blir det tøft. Me har mange spelarar som jobbar skift, slik er det ikkje for laga rundt oss. Så mange ting spelar inn her.

No ventar altså 4.divisjon, ein "fylkesliga" med mange lokalderby.  

– Me har prøvd det meste etter kvart. Spelt i avdeling med mange lag frå Hordaland. Så i ei avdeling nordover mot Møre - det var ei påkjenning med mange lange reiser. For denne sesongen søkte me om å koma i austlandsavdelinga, det har vore ei god erfaring. Den einaste langturen dei andre laga har hatt er mot oss.

Slik blir 4.divisjon - "fylkesligaen"

Laga Årdal kjem til å møta i 4.divisjon er:

  • Eid
  • Skavøypoll
  • Førde 2
  • Dale
  • Tornado Måløy
  • Høyang
  • Stryn 
  • Sogndal 2
  • Florø 2
  • Vik/Bremanger/Fjøra (To av desse)

Dei utheva laga er dei som rykkjer ned frå 3.divisjon. Fjøra kan halda seg i 3.divisjon avhengig av korleis det går mot Sogndal 2 i serieavslutninga denne helga - med siger er det nesten garantert at dei held seg i tredje og då vil både Vik og Bremanger halda seg i fjerde.

Tapar Fjøra poeng mot Sogndal 2 kjem det an på korleis laga som hamnar på 5.plass i dei andre avdelingane i 3.divisjon gjer det til helga. Åtte av laga på 5.plass i dei ti avdelingane i 3.divisjon held seg oppe.

Rykkjer Fjøra ned til fjerde, vil anten Vik eller Bremanger rykkja ned til femte. Vik har alt i eigne hender og klarar seg uansett med uavgjort eller siger borte mot Dale. Skulle Vik tapa og Bremanger slå Kaupanger borte rykkjer Vik ned til femte - dersom altså Fjøra rykkjer ned til fjerde.

– Høgare nivå på fylkesfotballen og større interesse

For ordens skuld; I teorien kan også Høyang rykkja ned. Men det er berre i teorien fordi Bremanger har om lag tjue mål dårlegare målskilnad enn Høyang, og ytterlegare dårlegare enn Vik.   

 – Det er greitt at me får prøvd oss i 4.divisjon. Laga som kjem ned frå tredje vil heva nivået på divisjonen og dermed fylkesfotballen. Lokalderbya vil nok også føra til nokre hakk meir interesse blant folk, seier Øy.

– Meir interessante oppgjer for publikum og kortare reiser til bortekampane; er det eigentleg like greitt å rykka ned?

– Me søkte om å koma i austlandsavdelinga for å få kortare reise enn det var i Møreavdelinga. Det har gått veldig fint. Reisemessig blir det vel noko kortare no,

– Klarar de å halda på spelarane?

– Eg trur mange vil halda fram. Nokre gir seg sikkert, men det er først og fremst fordi dei har vore med over lang,lang tid og føler tida er inne.

– Skal fullføra på best mogleg måte

Helgas kamp heime mot Ullensaker/Kisa 2 må seiast å vera av det mindre interessante slaget for Årdal sin del - nedrykk blir det, og dei kan verken tapa eller vinna plassar i avdelinga frå posisjonen dei har på 8.plass   

– Me skal fullføra sesongen på best mogleg måte. Når me ikkje sankar nok poeng til å bli blant dei fem beste, er me ikkje gode nok. 

– Gidd spelarane å ta ut alt i ein kamp som ikkje betyr noko verdas ting?

– Det gjer dei. Når du møter opp til kamp står det om heider og ære, ein prøver alltid å vinna. Men det at det er meir spennande kampar som betyr noko, er ikkje til å leggja skjul på. Uansett vil spelarane visa seg litt fram.

 

Til toppen