ØNSKER SAMARBEID: Sjølv om Lærdal held fram avtala med PPT Indre Sogn, seier Jan Olav Fretland (SV) på vegne av gruppeleiarane i kommunestyret i Lærdal, at dei ønskjer ei samling av PPT i heile Sogn, der og kompetansemiljøet i Årdal blir integrert. Foto: Ina Eirin Eliassen
ØNSKER SAMARBEID: Sjølv om Lærdal held fram avtala med PPT Indre Sogn, seier Jan Olav Fretland (SV) på vegne av gruppeleiarane i kommunestyret i Lærdal, at dei ønskjer ei samling av PPT i heile Sogn, der og kompetansemiljøet i Årdal blir integrert. Foto: Ina Eirin Eliassen

– Me seier eigentleg at me ikkje vil ha alt over fjorden

Lærdal kommune vil ikkje slutte seg til ei felles PPT i Sogn, men dei vil at kompetansemiljøet i PPT Indre Sogn i Årdal blir intergrert med PPT Sogn. 

Sogn regionråd har lagt fram ei sak om ein felles pedagogisk-psykologisk teneste (PPT) i Sogn, for å styrke tenesta og få ned omfanget av spesialundervisning. I dag har dei ni kommunane i Sogn fem ulike organisatoriske løysingar for PPT. Lokalisering av ei felles PPT for Sogn er Sogndal. 

Denne ordninga ville ikkje eit samrøystes formannskap slutte seg til 9. juni, i tråd med tilrådinga frå rådmann Alf Olsen jr. Formannskapet i Lærdal ville oppretthalde avtala med PPT Indre Sogn i Årdal, då dei tykkjer ordninga fungerer godt. 

Les også: Vil ikkje vera med i ein felles PPT

Men vil vera del av kompetansemiljøet

I kommunestyret sist torsdag kom Jan Olav Fretland (SV) med eit tillegg til tilrådinga frå formannskapet, på vegne av gruppeleiarane. Lærdal kommunestyret vedtok samrøystes at dei ikkje ønsker å slutte seg til ein felles PPT i Sogn, men heller å oppretthalda avtala med PPT Indre Sogn. Kommunestyret understrekar at det er ønskeleg med ei samling av PPT i heile Sogn, der og kompetansemiljøet i Årdal blir integrert. 

– Me seier eigentleg at me ikkje vil ha alt over fjorden, vart me einige om, seier Jan Olav Fretland (SV) på vegne av gruppeleiarane i Lærdal kommunestyre torsdag. 

Gruppeleiarane hadde hatt eitt raskt møte og ville seie noko positivt om samarbeid og kanskje koma med ein invitt til Sogndal og Årdal som ikkje er så på talefot for tida, forklarar Fretland. 

Syner til kritikk mot kommunen

I kommunestyret retta Marit Breistøl (Sp) søkelyset på rapporten om organisasjonsvurdering av PPT i Sogn, som Deloitte AS har laga på oppdrag frå Sogn regionråd. 

OPPMODING: Marit Breistøl (Sp) syner til ein rapport som vurderer PPT i Sogn og oppmodar om dialog mellom kommune, administrasjon og PPT Indre Sogn.
OPPMODING: Marit Breistøl (Sp) syner til ein rapport som vurderer PPT i Sogn og oppmodar om dialog mellom kommune, administrasjon og PPT Indre Sogn.

Breistøl vedkjenner at innlegget er litt på sida av saka om ei felles PPT i Sogn, likevel er det ting i rapporten om Lærdal som ho vil ta opp. Mellom anna er resultata mangelfulle då det har vore liten eller sein respons frå Lærdal. Vidare har rapporten vurdert PPT Indre Sogn. Det står at rådmann i liten grad syner interesse for fagleg kvalitet og at PPT Indre Sogn meiner skulefagleg ansvarleg i liten grad har systematisk og jamleg dialog med PP-kontoret.

– Eg seier ikkje at dettte stemmer, men PPT er eit viktig felt i oppvekssektoren, budsjettet vårt og ikkje minst for korleis ungane har det. Eg kunne ønska at det var ein dialog mellom administrasjonen, kommunen og PPT Indre Sogn, noko som også blir oppmoda om i rapporten, seier Breistøl. 

– Stussar på fleire ting ved rapporten

Rådmann Alf Olsen jr. forklarar at det er gjort ei utgreiing på bestilling av Sogn regionråd. Der vart det først konstruert fleire alternativ til PPT, eitt for nordsida, sørsida og ei fellesløysing. Likevel fall dette bort då Årdal ikkje var med i utgreiingsarbeidet. Olsen jr. peika på ting ved rapporten som han ser på som viktig. 

KJENNER SEG IKKJE ATT: Torunn Liltved, leiar for kultur og oppvekst, meiner ho har god kontakt med PPT Indre Sogn og god oversikt over den tilrettelagte undervisninga i kommunen.
KJENNER SEG IKKJE ATT: Torunn Liltved, leiar for kultur og oppvekst, meiner ho har god kontakt med PPT Indre Sogn og god oversikt over den tilrettelagte undervisninga i kommunen.

– Kommuneleiinga må vera aktive ved å bruka PPT som verktøy. Undersøkinga kom på eit tidpunkt der me hadde begynt å jobba med desse problemstillingane. Torunn Liltved, leiar for kultur og oppvekst, kom på plass i stillinga og fekk bestilling frå kommunestyret om å gjere spesifikktiltak særskilt, som no har begynt å virke. Dette er ei historisk beskriving som har betra seg over tid, seier Olsen jr. 

Liltved seier det er fleire ting ho har bite seg merke i og stussar på i rapporten. 

– Eg har jamn kontakt med PPT. Eg opplever sjølv eg har god kontakt og innsikt i høve til det som foregår av spesialundervising og tilrettelagt undervisning, seier ho. 

Bryt ikkje med fylkestinget

Fretland peika også på utfordringane som har dukka opp etter formannskapet samrøystes gjekk for å halde fram avtala med PPT Indre Sogn i Årdal. Det er mellom anna punkt i rapporten som også Breistøl og Liltved synte til, som han ikkje er spesielt oppgløydd over. 

–  Me er i ein innkøyringsfase med ny kommunalsjef og me får ein ny rektor på Lærdalsøyris skule. Det nok greitt at det faste og stabile fortsett, seier han. 

Fretland syner til vedtak i fylkestinget sist onsdag der Sogn PPT får organisasjonsansvaret for den nye PPT. Den låg under fylkeskommunen før, men det er ikkje lenger lov. Difor er det no fellesorganet for kommunane som også har organisasjonsansvaret. I vedtaket stod det at organisasjonsansvaret vart overført under føresetnad av at Aurland, Lærdal og kommunane på nordsida vart med. 

– Eg vart i tvil om vedtaket vårt øydelegg for det fylkeskommunale vedtaket. Det er no sjekka opp og det gjer ikkje det. Me kan trygt vedta å seie nei til å slutta oss til ei felles PPT i Sogn, med tillegget om at det er ønskeleg med ei samling av PPT i heile Sogn, der og kompetansemiljøet i Årdal blir integrert, seier han. 

Til toppen