STØTT SAKA: Bente Øien Hauge (til venstre) var klar i sin apell på at folk må skilje mellom sak og person. Ved å hetse og true meddommarane og mennene dei frifann, skadar ein saka, meiner ho. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
STØTT SAKA: Bente Øien Hauge (til venstre) var klar i sin apell på at folk må skilje mellom sak og person. Ved å hetse og true meddommarane og mennene dei frifann, skadar ein saka, meiner ho. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

– Me skal ikkje drive sjølvjustis​

Borgarting lagmannsrett har fått fleire telefonar frå meddommarar som ønskjer å trekkje seg, etter at dommarane som frikjende tre menn for gruppevaldtekt, har vorte utsette for hets.

Oslo/Lærdal: Det melder NRK. Ifølgje 1. lagmann i Borgarting lagmannsrett Ola Dahl kjem av det frykt for å sjølv bli hengt ut for noko liknande.

– Dei blir jo redde. Dei tenkjer jo sjølvsagt at dei kanskje vil bli utsette for noko liknande. Dette vil dei ikkje vere med på, seier Dahl til kanalen.

I går viste ein meddommar i Andrea-saka som har blitt hetsa, fram eksempel på trusselmeldingar til TV 2.

«Håpar du blir utsett for valdtekt»

«Du er en grusom person», «Håper du blir utsatt for voldtekt» og «Hvordan kan du vise deg offentlig». Dette er nokre av meldingane som er sende dei siste dagane.

– Eg hadde aldri sett for meg ei slik spreiing, og det er ikkje ok, skreiv meddommaren i ei tekstmelding til kanalen.

– Ikkje gjer mennene til offer

Måndag demonstrerte tusenvis over heile landet for kvinner sin rettstryggleik. Også i Lærdal blei dette markert med appellar. Bente Øien Hauge la vekt på at ein ikkje måtte gjere mennene i saka til offer, og at det er svært viktig å skilje person og sak.

– Det er viktig med tanke på meddommarane og dei tre mennene. Me skal ha openheit i samfunnet, men ikkje drive sjølvjustis, seier Øien Hauge til Porten.no.

– Det som skjer no ved at folk driv med hetsing og truing fører til at mennene blir offer. Det er å gjere Andrea ei bjørneteneste, men saka forferdeleg skade. Dei er heilt greitt å namngi mennene fordi dei er farlege, men me må ikkje gjere noko mot dei. Då snur me saka, åtvara ho.

Dømmast av sine eigne

I saka vert det mellom anna stilt spørsmål om meddommarar har god nok kunnskap til å dømme i slike saker etter som mindretalet som fekk mennene godkjent, var alle lekdommarar. Inger Bakken, som også heldt appell i Lærdal, er sjølv meddommar i lagmannsretten. 

– Er du skikka til å dømme i slike saker?

– Det kan eg ikkje svare på sjølv. Når eg sit i lagmannsretten, tenkjer eg på kva folk ville meint og spurt om. Eg høyrer på fagdommarane fordi dei forklarar oss og hjelper oss. I til dømes narkotikasaker forklarar dei kor mykje som er ein normal dose. Eg skal ikkje kritisere meddommarane i denne saka, men for meg strir dette mot det eg trur folk meiner, svarar ho.

Vanskelegare å rekruttere

I tillegg til at medlemmer trekkjer seg er også Domstoladministrasjonen redde for at hetsen kan føre til problem med å rekruttere framtidige medlemmer.

– Meddommarar utfører eit samfunnsoppdrag. Hets og sjikane er ikkje på sin plass, sa Erling Moe, kommunikasjonsdirektør i Domstoladministrasjonen, til NTB.

Mange medlemmer har også avstått frå å stille på nytt. Førre veke kom det fram at berre halvparten av medlemmene i kommunane rundt Drammen ville stille til attval. (©NPK/Porten.no)

Til toppen