NYTT LØFT: Ein ny masterplan skal gjere Sognefjorden til eit enno meir attraktivt reiseliv, samstundes som fokuset på berekraft blir ytterlegare skjerpa. Foto: arkiv. (Foto: Halvor Farsund Storvik)

– Me skal løfta heile Sognefjorden enno eit par hakk til

Visit Sognefjord har fått nesten ein halv million støtte frå Innovasjon Norge og Sogn regionråd til å starte opp arbeidet med å utvikle ein masterplan for reiselivsnæringa i Sogn.

Sogndal: – Me skal bli eit meir attraktivt reisemål for framtida, samstundes som me sikrar den utviklinga me ønskjer. Me skal løfta heile Sognefjorden enno eit par hakk til, seier Ståle Brandshaug i Visit Sognefjord om det omfattande arbeidet dei no skal i gang med.

PÅ TIDE: Dagleg leiar Ståle Brandshaug i Visit Sognefjord.
PÅ TIDE: Dagleg leiar Ståle Brandshaug i Visit Sognefjord. Foto: Halvor Farsund Storvik

Med både prosjektleiar og finansiering på plass er dei klare til å starte på forprosjektet, som vil vare fram til jul. Hovudprosjektet skal gå fram til sommaren 2019, før alle dei gode ideene dei forhåpentligvis kjem opp med skal settast ut i live.

– Det er to overordna grunnar til at me gjer dette. For det første er Sogn eit såpass stort reisemål, både når det gjeld tal gjester og geografisk omfang, at me er nøydde til å tenka langsiktig reiselivsutvikling. For det andre er det eit stadig større krav, både frå dei tilreisande og frå politisk hald, om å verte eit berekraftig reisemål, seier Brandshaug.

Skal satse på miljø

Ein viktig del av masterplanen vert difor å oppnå statusen «Bærekraftig reisemål», eit nytt kvalitetsmerke for reisemål i Norge laga av Innovasjon Norge. For å få dette merket må reisemålet stette ei rekke krav som viser at dei tek vare på natur, kultur og miljø, styrker sosiale verdiar og er økonomisk levedyktig.

At reisande blir meir og meir opptekne av berekraft viser både eigne erfaringar og undersøkingar Innovasjon Norge har gjennomført.

– Meir enn 60 prosent av turoperatørane gir tilbakemeldingar om at kundane ønskjer å prioritere reisemål som tek berekraft på alvor. I tillegg er eit berekraftig reiseliv eit tydeleg politisk mål, både nasjonalt og internasjonalt, seier Brandshaug.

Vil gjere det lett for næringa

Når planen er ferdig i 2019 skal den seie noko om kva reisemål Sognefjorden skal vere, både som region og i dei enkelte kommunane og områda.

– Det var berre eit tidsspørsmål før me måtte gå i gang med eit slikt planarbeid. Me skal gjera det så enkelt, konkret og handlingsretta for næringa som overhovudet mogleg, samstundes som me skal ta dei viktige spørsmål på alvor, korleis tek vi vare på dei viktige områda våre, som breen, Jotunheimen, Unesco- og verdsarvområdet, seier Brandshaug.

 
 
Til toppen