VINDKRAFTVERK: Kartet syner planlagde vindkraftverk.
 VINDKRAFTVERK: Kartet syner planlagde vindkraftverk. (Illustrasjon: Motvind)

MEININGAR

– Me skriv til dykk i håp om at de stoppar den raseringa av fjella våre som no skjer langs heile kysten

Les det opne brevet til stortingspolitikarane frå Vestland og fylkesstyret frå Nei til vindmøller i Gulen, Folk For Fjella (Masfjorden) og VON (Vern om nordhordlandsfjella).

Meiningar: Ope brev til Stortingspolitikarane frå Vestland og til fylkesstyret

  Illustrasjon: Motvind

Kartet med sirklar syner dei til no planlagde vindindustriområda. Det er tydeleg å sjå at dette er den største planlagde naturkatastrofen Norge har opplevd. I kartet ser me dei nærområda me kjempar for – like sørom Sognefjorden.

Med dette brevet ønskjer me å få fram at me treng hjelp frå dykk i denne kampen mot tap av store naturareal.

Nei til vindmøller i Gulen, Folk For Fjella og VON (Vern om nordhordlandsfjella)
er uavhengige grasrotrørsler som kjempar for at fjella våre framleis skal gleda og vera til nytte for menneske, dyre- og plantelivet no og for framtida. Kjernegruppene har medlemmer i hovudsak frå Gulen og Nordhordland, men og frå nabokommunar og utanfor desse. Me opplever å ha eit særs godt samarbeid med kommunane her, og då særleg med ordførarane.

– Ein katastrofe

Vindindustrien er ein katastofe for oss som bur her.

«Dalsbotnfjellet Vindkraftverk» i Gulen er det som hastar mest med å stoppa. Her har Zephyr fått konsesjon, dette er påklaga og klagesaka skal handsamast av OED no utpå nyåret.

I Nordhordland og Høyanger sørside er det to store vindkraftprosjekt som truar med å rasera store deler av verneverdige fjellområde, - i Masfjorden, Alver, Modalen og

2020 blir eit lagnadsår for fjella våre.

Astrid Sandvik

Høyanger, som ma inkluderer, «Bjørn Westfjella», Stølsheimen og Fjonfjella.

Norsk Vind AS har alt sendt melding etter energilova til NVE på prosjektet Hordavind AS med inntil 250 vindturbinar, -kvar med ein høgde på opp til 250 m. Om det vert bygd, vil detverta det største vindindustrianlegget i Nord-Europa. Vidare har BKK og Zephyr danna selskapet Matrevind AS. Dei har også store utbyggingsplanar for delar av det same området. 

Motstanden mot desse vindindustriprosjekta er unison og samstemt på tvers av kommunane og på tvers av politiske parti. I 2019 skreiv heile 1555 personar i Gulen og 1007 i Masfjorden under på opprop mot vinduindustri på land. I november sende ordførarane i kommunane Gulen, Masfjorden, Høyanger, Gaular, Fjaler og Hyllestad eit brev til OED der dei i klare ordelag ber utbyggarane respektera lokale synspunkt og skrinlegga planane sine for vindindustri. Ordførarar og kommunestyre i Lindås, Modalen og Meland har vore og er like tydelege.

Nektar skrinleggje planar

Trass i motstanden frå kommunestyra, innbyggarar og grunneigarar ser me at utbyggingsselskapa held fram som før, godt hjulpne av NVE. Zephyr har fått konsesjon for Dalsbotnfjellet, trass tydeleg nei frå kommunen og grunneigarar, Norsk Vind nektar å skrinlegge planane for utbygginga si, trass at alle berørte kommunar har sagt nei. Og Zephyr og BKK held fram med sine planar for Matre Vind trass i at det offentleg eigde selskapet BKK har fått eit tydeleg nei frå fleire av sine eigarkommunar.

2020 blir eit lagnadsår for fjella våre. Me treng eit sterkt engasjement også frå politikarar på regionalt og nasjonalt plan. Nokre stemmer har vore tydelege. Spesielt dreg me fram Kjersti Toppe som er tydeleg og stiller opp på vindkraftmøte i regionen vår og Ingrid Heggø som stilte spørsmål til OED-ministeren i spørjetimen og konfronterte han med det samstemte brevet frå 6 ordførarar me viste til over (vedlagt).

Me treng endå fleire og tydelege røyster. De må gjera noko for å stoppa denne sund- sprenginga av fjella våre! Me ønskjer tilbakemelding snarast frå dykk – dette hastar! Me vil gjerne møta dykk og informera om trugsmåla me lever i her vest. Er det mogeleg å få til eit møte med stortings- og fylkespolitikarane i Vestland? (Me kan også koma til Oslo.)

 

 
Til toppen