VIL HEIM TI LBYGDA: - Mange kvinner ønskjer seg heim til bygda, og me treng dei, og då må det leggast til rette for at kvinnene får arbeid etter utdanning, meiner Marie Helene Hollevik Brandsdal (Ap).
VIL HEIM TI LBYGDA: - Mange kvinner ønskjer seg heim til bygda, og me treng dei, og då må det leggast til rette for at kvinnene får arbeid etter utdanning, meiner Marie Helene Hollevik Brandsdal (Ap). (Foto: Sunniva Knutsen / Arkiv)

MEININGAR

Me treng fleire kvinner i bygda, då må dei ha arbeidsplassar

– Kvinner eg kjenner er målretta og veit kva dei vil. Får dei ikkje realisert mål om arbeid her, så flyttar dei, skriv Marie-Helene Hollevik Brandsdal (Ap) i dette meiningsinnlegget.

Gode sambygdingar. Gratulera med den internasjonale kvinnedagen 8. mars.

Sogn og Fjordane har ei ubalanse i kjønnsfordelinga. I aldersgruppa 20-39 år var det per 1. Januar 91,8 kvinner per 100 menn. I Årdal var det per 1. Januar 93,33 kvinner per 100 menn. (kjelde: SST, tabell 07459).

Det kan vere ulike årsaker til endringa i kjønnsfordelinga. Forskning og statistikk knyt det tydeleg saman med veksten i høgare utdanning. Kvinner utdanner seg i større grad enn menn. Mange flyttar på seg for å ta utdanning og dei buset seg i byar, der moglegheitene er større for å få arbeid. 

Skal vi lykkast med å skape folkevekst og bere samfunnet vidare, treng vi fleire kvinner i alderen 15-39 år.

Må leggje til rette for at kvinner kan flytta heim

Vi som bur i Sogn, meiner at vi har den beste heimstaden i heile landet med nærleik til arbeidet vårt, gode naturopplevinger og sosiale møteplasser.

Vi ynskjer at kvinnene flyttar heim. Og mange av kvinnene ønskjer seg heim. Vi kan ta eit felles ansvar for å legge til rette for at kvinnene får arbeid etter utdanning.

Eg kjenner ei kvinne som heiter Vilde. Målet hennar er å fullføre fagbrev som helse- og omsorgsarbeider. Ho ønskjer å få seg arbeid i Årdal og busetje seg her.

Eg kjenner ei kvinne som heiter Renate. Ho har fagbrev i handel og service. Ho har deltidsstilling, med ein stillingsprosent som gjer det umogleg for henne å kome inn på bustadmarknaden. Ho søkjer aktivt arbeid utanfor bygda. Ho fortel meg at det er trist, då ho helst ynskjer å arbeide og bu her.

Eg har nyleg blitt kjent med ei kvinne frå Serbia som heiter Sanja. Ho er utdanna tannhelse-sekretær. Ho lærer norsk og ho lærer fort. På tre månader, kan ho språket vårt så godt, at vi har ein god dialog på norsk. Ho vil ha arbeid og stifte familie.

Eg kjenner ei kvinne, som heiter Julie. Ho har ein draum om å starte eiga kafè.

Dei kvinnene eg kjenner er målretta og dei veit kva dei vil. Får dei ikkje realisert mål om arbeid her, så flyttar dei.

Fleire kvinner, fleire folk

I 2018 var fruktbarheita til kvinner i Sogn og Fjordane den høgaste i landet med 1,73 born per kvinne. Talet på landsbasis var 1,56 born per kvinne og det lågaste som er målt i Noreg nokon gong. Me har alle moglegheiter til å legge til rette for auka folketal i regionen vår.

Lat oss stå saman om å auke folketalet og særskilt kvinneandelen i Årdal.

Lat oss stå saman om å ta felles ansvar for å inkludere, sjå kvarandre, løfte kvarandre fram og særskilt i arbeidslivet. Legge til rette for at kvinner kan få eit arbeid å leve med og ei løn å leve av.

Kva kan du gjere? Frå din ståstad? Som arbeidsgjevar, som politikar, som medsyster?

Som lokalpolitikar for Arbeiderpartiet i Årdal, er eg særskilt engasjert i å arbeide for å oppretthalde arbeidsplasser og legge til rette for nye arbeidsplasser.

Vi har ein strategisk næringsplan som har særskilt mål om å prioritere kvinnelege grundarar. Vi arbeider aktivt for rekruttering til kommunal sektor og for heiltidsstillingar.

Eg meiner at vi må spele på lag og arbeide saman om å satsa på kvinnene. 

Til toppen