KURS: Fylkeskommunen tilbyr gratis etablerarkurs for gründerar som vil kome i gang med draumen. Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune.
KURS: Fylkeskommunen tilbyr gratis etablerarkurs for gründerar som vil kome i gang med draumen. Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune.

– Me treng folk som vil noko

Fylkeskommunen tilbyr gratis etablerarkurs for gründerar som vil kome i gang med draumen.

Sogndal: På kurset for deltakarane ei praktisk tilnærming til korleis det er å starte si eiga verksemd, og ein kan melde seg på anten ein har ein konkret idé, eller berre er nysgjerrig.

– Me treng fleire gründerar i Sogn og Fjordane. Me treng folk som har gode idear og greier å setje dei ut i livet. Me treng folk som vil noko, som får til noko, og som kan skape arbeidsplassar for både seg sjølve og andre.

– Dette er eit lågterskeltilbod for å få fleire til å tore å satse på ideane sine, seier fylkesdirektør for næring og kultur, Jan Heggheim, i ei pressemelding.

Allereie 1. februar er det første kurset i Hyllestad. Seinare i år vert det kurs i Sogndal også.

Redusere risiko og utvikle produkt folk vil betale for

Sjølve kurset byggjer på metoden «Lean Startup», som handlar om korleis ein reduserer risiko og kostnader gjennom å lære av tilbakemeldingar frå marknaden og utvikle produkt og tenester folk er villig til å betale for. Dette er ein metode som kan tilpassast alle typar bedrifter. 

Kurset tek føre seg korleis du kjem deg frå A til B når du startar eiga verksemd. Undervegs vert det gode døme og oppgåver, som skal bidra til ein raskare og betre læringsprosess. Kurshaldaren hjelper kvar enkelt deltakar å styrke dei relevante lokale, regionale, nasjonale nettverka sine for å få framdrift i etableringa.

Kurset er utvikla av fylkeskommunen og Innovasjon Norge, i samarbeid med næringsselskap, kommunar og Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane.

Til toppen