NYTT SKULEÅR: Anna Elise Nese og Ingrid Øvstetun trur det blir fine år på Årdal vidaregåande skule. Foto: Kaja Nygård
NYTT SKULEÅR: Anna Elise Nese og Ingrid Øvstetun trur det blir fine år på Årdal vidaregåande skule. Foto: Kaja Nygård

 – Me trur me kjem til å få fine år her

Tysdag var første skuledag for elevane ved Årdal vidaregåande skule, og skulen kunne ynskje velkommen til både gamle og nye elevar. 

Årdal: Måndag starta barneskulen opp etter sommaren, og spesielt 6- åringane var spente på første møte med skulen. Tysdag tok Årdal vidaregåande skule imot sine førsteklassingar.   

Anna Elise Nese og Ingrid Øvstetun er to nye elevar ved Årdal vidaregåande skule. Dei har begge komme inn på linja studiespesialisering, og så langt trivast dei godt.

- Første skuledag har vore ganske fin. Me har fått mykje ny informasjon, så me har ikkje gjort så mykje. Det var ein roleg oppstart, seier Anna Elise.

Ho fortel vidare at ho gler seg og er spent på korleis skuleåret blir vidare.

- Me er sjølvsagt spente på korleis det blir å gå på Årdal vidaregåande skule, men me har eit veldig positivt inntrykk av skulen, seier Ingrid.

Val av linje

Jentene har begge valt studiespesialisering og meiner det er eit rett val for dei.

- Eg valte å studere på linja studiespesialisering, fordi eg ikkje er heilt sikker på kva eg vil bli. Då er dette eit veldig trygt val, for da har eg mange moglegheiter for vidare utdanning, fortel Ingrid.

Anna Elise nikkar og er einig med Ingrid om valet dei har gjort.

Det er ikkje store forskjellen mellom ungdomsskulen og første året på linja studiespesialisering, men dette tykkjer dei er ganske fint.

- Denne linja er ganske lik som då me gjekk på ungdomsskulen. Me har dei same faga, med unntak av at me no har fått faget geografi.

Fin skule

Både Anna Elise og Ingrid synast at Årdal vidaregåande skule er ein fin og liten skule. Jentene har fått nokre nye i klassen, medan andre kjenner dei godt frå før. I tillegg har dei fått lærarar som dei møtte for første gong tysdag.

- Me trur me kjem til å få fine år her. Både medelevar og lærarar er hyggelege, så dette trur me blir veldig bra.

Tal frå ei undersøking i vår, viser at ein høg prosentdel fullfører utdanninga si ved skulen. Dette er veldig bra sa Henny Midtun då. Det var nettopp at skulen var liten og den tette oppfølginga til elevane, som vart peika på som svært bra.

Fråværsgrense

Elevane fekk informasjon om dei nye fråværsreglane første skuledag. Fråværsreglementet er ein del av ordensreglementet for den vidaregåande opplæringa.

Reglane gjer at ein elev som har 10 % fråvær i eit fag, i dei fleste tilfelle ikkje kan få karakter i faget. Unntak frå regelen er helse og velferdsgrunnar, arbeid som tillitsvald, politisk arbeid, hjelpearbeid, lovpålagt oppmøte og representasjon i arrangement på nasjonalt og internasjonalt nivå.

Det vert med dei nye reglane stramma særs inn på ferie og køyretimar. For dei elevane som skal ta førarkort, kan denne regelen bli ein utfordring.

Dette er nytt for både elevar og lærarar og konsekvensane kan bli store.

Førsteklassingane Anna Elise og Ingrid vart også kjent med den nye regelen tysdag.  

- Regelen er jo litt streng, men eg trur det skal gå fint sjølv om me har den, avsluttar dei.

Til toppen