Årdal: Damelaget fekk hard motstand då dei møtte NHHI i Årdalshallen laurdag ettermiddag. Kampen enda i nok eit tap for damene. Stillinga var 30-17 då kampen var over.
Trenar Olafur Sveinsson fortel at laget har ein del å jobbe med når det gjeld mentalitet.
– I dag kom me alt for dårlig forberedt. Me sliter oss ut etter spesielt angrepsspelet. Når laget scorar under 20 mål i kamp, seier det seg sjølv. I form av psyke gjer me for lett opp. Jentene må ta eit tak når det gjeld dispilin.