FAMILIEDAG: Søndag under Sognahelg er det familiedag - her frå fjorårets arrangement då 200 - 300 born var innom.
FAMILIEDAG: Søndag under Sognahelg er det familiedag - her frå fjorårets arrangement då 200 - 300 born var innom. (Bilde: Rune Sjøberg)

– Me vil ha folk hit frå indre til ytre Sogn

Ambisjonane er at «Sognahelg» skal veksa seg større år for år og bli på nivå med «Sogndalsdagane».

Sogndal: – Det kjekke med dette er at me set oss saman og lagar eit arrangement i lag. Alle her har same motivasjonen for å skapa noko for folka i bygda og bygdene, seier Wilhelm Tangerud, ein av drivkreftene bak «Sognahelg».

SAMARBEID: Wilhelm Tangerud og Amfi Sogningen er ein av mange som står bak «Sognahelg».
SAMARBEID: Wilhelm Tangerud og Amfi Sogningen er ein av mange som står bak «Sognahelg». Bilde: Pressefoto

Arrangementet går av stabelen i Sogndal 15. - 17. september og består hovudsakleg av tre arrangement.

Barnas filmfest blir arrangert både fredag og laurdag – laurdag er det også klart for den årvisse «Frivilligdagen» i sentrumsparken med ymse stands og aktivitetar.

– Me slår saman fleire arrangement til eit stort. Tanken er at når me er mange krefter som står bak eit stort arrangement i staden for fleire små, blir totalen betre, seier Tangerud.  

Mosjonsløpet «SMILI» gjer comeback

«Sognahelg» vart arrangert i fjor for første gong. Årets utgåve blir større, forklarar Tangerud.

– Tanken er å byggja litt på kvart år, og min draum er at dette skal bli på nivå med «Sogndalsdagane» i si tid. Så det er eit par nye element i år i høve i fjor.

Mellom anna mosjonsløpet «SMILI» som gjer «comeback» laurdag under arrangementet.

– Her er det både konkurranse- og mosjonsklasse, så det blir veldig artig.

Søndag skjer det meste på Fosshaugane med familiedag i Sognahallen og påfølgjande fotballkamp der Sogndal møter Haugesund til dyst.

– Det blir masse aktivitetar for borna, så tanken er at dette skal bli ein heilaftan for familien. Så har me kalla det «Sognahelg» fordi me gjerne vil at folk skal koma frå heile regionen – frå indre til ytre Sogn.

Håpar på eit par tusen innom i løpet av helga

LIV OG RØRE: Kreftene bak «Sognahelg» håpar på mykje liv og røre i Sogndal under årets arrangent, her frå fjorårets utgåve der anslagsvis tusen var innom.
LIV OG RØRE: Kreftene bak «Sognahelg» håpar på mykje liv og røre i Sogndal under årets arrangent, her frå fjorårets utgåve der anslagsvis tusen var innom. Foto: Pressefoto

Bak arrangementet står Sogndal Fotball, Sogndal Kulturhus, Sogndal Handel og Service, Amfi Sogningen, Sogndal Frivilligsentral, Flyktningtenesta i Sogndal og MOT Sogndal – med fleire.

Tangerud håpar på eit par tusen innom i løpet av helga.

– Dette er veldig vêravhengig, men i fjor hadde me det nok tusen menneske på arrangementet totalt. Kanskje kan me dobla det. Og på sikt, i løpet av tre-fire år, kan me kanskje dobla det att. 

Til toppen