NEI TIL REFORM: Emma Berge Ness og Jofrid Rye Hestenes i høvesvis Senterungdomen og Senterkvinnene ønskjer at Sogn og Fjordane skal halde fram som eige fylke. Foto: Senterpartiet. 
NEI TIL REFORM: Emma Berge Ness og Jofrid Rye Hestenes i høvesvis Senterungdomen og Senterkvinnene ønskjer at Sogn og Fjordane skal halde fram som eige fylke. Foto: Senterpartiet. 

– Me vil ha tenestene nær folk

Det er beskjeden frå Senterungdomen og Senterkvinnene i Sogn og Fjordane, som begge hadde årsmøte denne helga. 

Der var eitt av temaa den mykje omtala regionreforma og sentraliseringa ein ser på mange område under dagens regjering. 

– Ein ser det på mange områder, både politi, kommune, skule og landbruk vert pressa. Me vil ha tenestene nær folk, seier fylkesleiar for Senterkvinnene, Jofrid Rye Hestenes.

Nyvald leiar for Senterungdomen, Emma Berge Ness, meiner det er synd for fylket.

– Me har hatt ei distriktfiendtleg regjering i snart fire år, og det har fått store konsekvensar for fylket vårt. Om folk skal ville bu her i framtida, er det heilt grunnleggjande at ein kjenner seg trygg. Det er synd at regjeringa tuklar med det, seier Ness.

Begge årsmøte vedtok uttalar om regionreforma, der ønsket er at Sogn og Fjordane skal halde fram som før. 

– Me kan ikkje sjå at samanslåing gir nokon betre kår for innbyggjarane våre, og dette vil utan tvil svekkje lokaldemokratiet vårt, seier Rye Hestenes.

– Å skulle gi frå seg fylket sitt før oppgåvene kjem og utan at innbyggjarane får seie sitt, vert demokrati på baklengs, seier Berge Ness. 

Elles var regjeringsskifte og valkamp store tema i begge leirar, og dei er begge klare på at no er det tid for at Sp må kome til roret igjen. 

Til toppen