MØTE: Fylkesordførar Jenny Følling saman med statsråd Ketil Solvik Olsen, Noralv Distad (H) og Dina Leftdal. Foto: Privat.
MØTE: Fylkesordførar Jenny Følling saman med statsråd Ketil Solvik Olsen, Noralv Distad (H) og Dina Leftdal. Foto: Privat.

– Me vil kjempa for hovudveg over Hemsedalsfjellet

Torsdag møtte fylkesordførar Jenny Følling (Sp) og Høgre sin gruppeleiar på fylkestinget, Noralv Distad, statsråd Ketil Solvik Olsen for å snakka om Nasjonal Transportplan og viktige prosjekt i Sogn og Fjordane.

Oslo: Samanhengande utbygging av E39, val av Hemsedal som hovudveg mellom Aust og Vest, rassikring av Rv 5 og opprusting av fylkesvegene samt løyvingar til Strynefjellet og Vikafjellet var noko av det fylkespolitikarane diskuterte med statsråden.

Les også: Regionrådet med full prioritering på Hemsedalsfjellet

Representantar frå Sogn og Fjordane, Hordaland, Rogaland, Bergen og Stavanger var torsdag samla i Oslo for å diskutere samferdsel.

– Kvar fylke hadde anledning til å presentere sine viktigaste saker, seier Noralv Distad.

Fleire hjartesaker

Politikarane frå Sogn og Fjordane argumenterte for det vidare arbeidet med E39, samt rassikring av riksveg og fylkesvegane.

– Me treng meir pengar til fylkesvegar for å ta igjen etterslepet på vedlikehaldet. Til dømes tunnelsikring slik at me får ein tilfredsstillande standard, seier Distad.

Hovudvegen langs Hemsedalsfjellet vart også understreka i møtet.

– Me vil prioritere midlar til drift og vedlikehald av rikvsvegnettet. Dette gjeld store anlegg for vår region. Til dømes Vikafjellet. Vegramma vert liggande høgt for oss framover og me ser framleis at det er mange uløyste problem, seier Distad.

Han fortel vidare at han syns møtet med statsråden og dei andre fylkesrepresentantane gjekk bra.

Viktig for næringslivet

– Me treng gode transportløysingar og sikre og trygge veger for næringslivet i fylket vårt. Dette vil skapa betre bu og arbeidsregionar, seier Distad.

Han er bekymra for at sluttvurderingane for viktige veganlegg som ikkje har nådd fram tidlegare.

– I Sogn og Fjordane har me stor innlandsindustri, oppdrettsanlegg og turisme. Dette er store næringar som er avhengig av god kommunikasjon. Det er ikkje berre viktig for oss, men for heile landet, seier Distad.

Fylkesrepresentantane vart oppmoda til å få ein klar oversikt over dei viktigaste sakene for kvart fylkve av statsråden.

Kan ta nokre år

– Det verkar som om byregionane vel å prioritere miljøvennelege løysingar. I Sogn og Fjordane er det framleis viktig for innbyggjarane og næringslivet at me har trygge og gode veger. Det er ein viktig dimensjon å ta med seg, seier Distad.

Hemsedalsfjellet er noko alle representantane frå Sogn og Fjordane står saman om å kjempe for.

– Den vegen må prioriterast. Stortinget vil gjere eit vedtak først til neste år. Til hausten vil Statens Vegvesen levere ei tilråding og deretter vil regjeringa komme med sitt forslag. Hemsedalsfjellet er noko me vil stå hardt på heile vegen, sjølv om realiseringa ligge lengre inn i framtida, seier han.

Distad påpeikar også at ei kortare låglandslinja utan bratte stigningar vil kreva mindre drift og forbuk, noko som vil resultera i at den vert meir miljøvennleg.

Til toppen