HELSESTADEN: Jan Geir Solheim (Sp) og Kåre Mentz Lysne (Ap) i forhandlingsutvalet til Lærdal vil gjera sin kommune til «helse-staden» i ein eventuell ny Sogn kommune. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
HELSESTADEN: Jan Geir Solheim (Sp) og Kåre Mentz Lysne (Ap) i forhandlingsutvalet til Lærdal vil gjera sin kommune til «helse-staden» i ein eventuell ny Sogn kommune. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

– Me vil styrka Lærdal på helse

Det er Lærdals innfallsvinkel til samtalar om ein ny storkommune i Sogn, fortel Kåre Mentz Lysne (Ap).

Lærdal: Før helga var han og ordførar Jan Geir Solheim (Sp) på møte med dei andre fem kommunane som er aktuelle for ein ny Sogn kommune. 

På møtet på Årdalstangen vart alt frå kommunenamn til lokalisering av tenester diskutert, og dette var det første av fire møter fram til starten av februar. Etter planen skal då ein intensjonsavtale om kommunesamanslåing vere på plass.

– Det er ikkje nokon løyndom at me vil styrke Lærdal på helse. Me snakkar eigentleg om helse og omsorg og at Sogn lokalmedisinske senter skal vera motoren i det. Eg føler at alle rundt bordet er ganske klare på at dei støttar opp om det, seier Kåre Mentz Lysne, som er ein del av forhandlingsutvalet til Lærdal.

– I det store og heile posisjonerer Lærdal seg slik at helse og omsorg er vår innfallsvinkel til samarbeid, legg han til.

Byggja opp helsekompetansen

Kommunereform-debatten har vore ganske flytande i Lærdal, slik som i dei fleste andre kommunar. Å halde fram som før er eit av punkta kommunen har vedteke. Det same er altså ein storkommune med kommunane Årdal, Sogndal, Leikanger, Balestrand og Vik. 

Som Porten.no skreiv fredag er alle samde om at ofte nytta tenester framleis skal ligge nær folk. Det betyr at skular og sjukeheimar mest truleg blir uberørte. Og så er spørsmålet kva som skjer med såkalla ikkje-stadbundne tenester. 

– Då er det mogleg å flytte administrative tenester til Lærdal som kan byggja opp helsekompetansen. Dette prinsippet om funksjonsdeling er alle samde i, også Sogndal seier dette er ein funksjon dei går for, seier Lysne.

Ikkje antyding til bråk

Forhandlingskollega Solheim seier dei er kome lenger på dei to første dagane av prosessen enn han hadde håpa og trudd. 

– Det er ein litt anna tone her enn i regionrådet. Her er det meir laust og ledig, og det har ikkje vore antyding til bråk. Det har eller ikkje vore behov for eigne møte i møtet, så det har vore ein veldig god prosess, seier ordføraren, som ser lyst på at ein får til ein intensjonsavtale, som dannar grunnlag folk kan røyste ut frå.

For det blir ei folkerøysting dersom ein intensjonsavtale kjem på plass. Det er dei klare på. Førebels tykkjer dei sjølve at dei gjer ein god jobb på vegne av Lærdal. Her skal ingen enda opp som svarteper, seier Lysne.

– Det er eit prinsipp med lys i alle rådhus. Det er ikkje ein kommune som skal mista alle arbeidsplassar. Alle må gi og ta for å skape grunnlag for ein felles avtale. 

Utfordring på samferdsle

I desse dagar kjempar Lærdal intenst med å få regjeringa til å velge Hemsedalsfjellet som ein av to hovudtrasear mellom aust og vest etter at E134 Haukeli allereie er bestemt. Dei to lærdølene innser at saman er ein sterkare.

– Samferdsle er ei utfordring. Ulike kommunar sit med ulike utfordringar, og eg trur det skal bli enklare og meir effektfullt i ein storkommune enn om me jobbar kvar for oss. Fjorden er der, så me har ei utfordring med ferje og Vik kjempar for tunnel til dømes. 

Som ordføraren seier, er det no om å gjere at når kaka skal fordelast, skal alle sitja att med kjensla av dei har fått det største stykket. 

– Me har slått fast at me er alle sogningar. Det er me samde om, til og med vikjene, smiler Lysne.

Til toppen