ENKLARE LØYSING: Ei kollektivreise mellom til dømes  Årdal og Bodø er no berre eit par tastetrykk unna. Velg starten og målet for reisa, trykk enter og du får opp ei reiserute med ulike alternativ å velja mellom.
ENKLARE LØYSING: Ei kollektivreise mellom til dømes Årdal og Bodø er no berre eit par tastetrykk unna. Velg starten og målet for reisa, trykk enter og du får opp ei reiserute med ulike alternativ å velja mellom. (Foto: Skjermdump/Entur.no)

Med den nye reiseplanleggaren kan du søka i kollektivruter for heile landet med eitt klikk

Fylkeskommune lanserer nyvinning som skal gjera det lettare å reisa kollektivt.

Leikanger: Sogn og Fjordane fylkeskommune har lansert ein ny reiseplanleggar på Kringom.no. No kan du finna kollektivreiser i heile landet, og alt frå buss, trikk, fly, tog, t-bane og båt kan bli omfatta i søket.

Før har det gjerne vore eit lite mareritt å planlegga kollektivreiser i Norge, særleg over litt avstand. Då måtte du fort leita på fleire nettsider og planlegga transportbyte sjølv for å nå fram til destinasjonen. No er det berre å velga kor du vil starta og avslutta reisa, så finn søkemotoren ut resten.

– Me håpar at den nye reiseplanleggaren vil gjera det enklare for folk å finna gode reisealternativ, anten dei bur i fylket, er tilreisande eller på gjennomreise, seier Tove Berget, rådgjevar i Sogn og Fjordane fylkeskommune, i ei pressemelding.

Ein kjapp test avslører at søkemotoren ikkje fungerer heilt perfekt enno. Til dømes greier han ikkje å finna ei passande rute til Tromsø, verken frå Årdal eller Sogndal. Til Bodø gjekk det derimot heilt fint, ei reise som inkluderer to bussbyter og eitt byte til tog, altså fire etappar til saman.

I pressemeldinga står det at planleggaren framleis blir utvikla og retta for feil. Tenesta skal etter kvart komma på nynorsk og engelsk.

Rutedataa blir henta frå selskapet Entur, som samlar dei frå alle kollektivselskap i landet. Entur lanserte i november ein nasjonal ruteplanleggar og det er denne Kringom no tar i bruk.

– Samferdsleavdelinga i fylkeskommunen jobbar tett med Entur og i løpet av året er planen å lansera billettsal på mobil med same plattform, seier Berget i fylkeskommunen.

Til toppen