EFFEKT Førsteamanuensis Atle Hole Sæterbakken illustrere med hjelp frå viserektor for forsking ved Høgskulen på Vestlandet nærregion Sogn og Fjordane, Erik Kyrkjebø, det enkle treningsutstyret som er nytta i ISRAE-prosjektet.
EFFEKT Førsteamanuensis Atle Hole Sæterbakken illustrere med hjelp frå viserektor for forsking ved Høgskulen på Vestlandet nærregion Sogn og Fjordane, Erik Kyrkjebø, det enkle treningsutstyret som er nytta i ISRAE-prosjektet. (Bilde: Ole Ramshus Sælthun)

Med dette enkle verktøyet vart 85-åringar fem-seks år yngre fysiologisk

– Ein kan ha same muskelmasse som ein 20-åring når ein er 70 år – dersom ein gjer det rette, konstaterer Atle Hole Sæterbakken, førsteamanuensis institutt for idrett, ved Høgskulen på Vestlandet nærregion Sogn og Fjordane.

Sogndal: Og det rette treng ikkje vera veldig komplisert. Hole Sæterbakken har leia prosjektet ISRAE, der dei har trent eit utval eldre menneske over ein periode og testa helseeffektane

– Det er snakk om fem enkle øvingar som tek føre seg dei store muskelgruppene. Me har hatt gruppa ein halvtime to gonger i veka, og snittet i gruppa har vore 85 år, forklarar Hole Sæterbakken.

Verktøyet har vore ein treningsstrikk, verken meir eller mindre.

– Det er om og gjera at det er så enkelt som mogleg, me brukar berre dette. Me har trent dei etter same prinsipp som 20-åringar trenar styrke, berre mykje rolegare og med lågare progresjon. Elles er relasjonen gruppa skapar svært viktig, dei smiler og ler saman. Og det til trass for at mange er relativt skeptiske i utgangspunktet.

Store skilnader på eldre som trenar og ikkje trenar

– Den fysiologiske alderen til dei i treningsgruppa vart redusert med fem-seks år. Dei kan bu heime lengre, noko som gir svært store samfunnsøkonomiske innsparingar, sa Hole Sæterbakken.

Og kostnadane er ikkje store, forklarar han.

– Ein kommune her ville fint klart å gjennomført dette på ei 20 prosent stilling. Det kan vera snakk om 100 000 kroner i året. 

Fokus på førebyggjing og gruppetrening

Hole Sæterbakken fortalde om prosjektet til ei gruppe politikarar frå Kristeleg Folkeparti på valkamprunde i Sogndal. Han hadde teke føre seg det som stod om helse og eldre i programmet til KrF og tykte partiet hadde for mykje fokus på rehabilitering etter at helsa har vorte så dårleg at det må store ressursar til, og at det såleis burde vera større fokus på førebyggjing i staden.

– Det kostar lite å få dei som er ganske bra til å bli litt betre. Å få dei som er vortne temmeleg dårlege til å bli noko lunde bra kostar vesentleg mykje meir.

Han hadde også merka seg ei setning i programmet som gjekk på individuell trening.

– Gjennom gruppetrening framfor individuell trening får ein også den sosiale biten, som er viktig for mange eldre.

Til toppen